På veg heim – og fjellet er stengt

…sjølv om det står på vegvesen.no og på andre sider at Strynefjellet er stengt på grunn av uveir, så betrygga sjåføren oss slik:

«Det svirra nokon rykter om at Strynefjellet er stengt på grunn av uveir, men det er ikkje sant! Det har berre skjedd ei ulykke som dei skal fikse opp i før vi kjem så langt.»

På vg-nett (http://www.vg.no/nyheter/vaer/artikkel.php?artid=549574) står det at dei som vil komme seg over fjella i løp av dagen, må smøre seg med tolmod. Vi ventar i spenning og kosar oss på bussen enn så lenge… 🙂

bilde-82

bilde-81

bilde-83

Vi oppdatera under vegs! Så heng med, spenninga stig i det vi nærma oss fjellet! 🙂 Hang on!

Og vi har akkurat kjørt forbi eit skilt der det stod «Strynefjellet stengt», bussjåføren trakka på bremsa, men køyrde likevel vidare. Lurer no på om det blir kolonnekøyring fram til Stryn. Skulle hatt Chris Rea sin «driving home for christmas» på øyret, så hadde alt vore heilt supert… 🙂

No er klokka ti på fire og sikta er lik null. Vi er på Lom og Stig har sovna med boka på fanget, og Christopher sit og kosa seg med ei bok i lag med ein annen mann som er veldig glad i å prate. Gjennom snøkavet ser eg juletred, og lys frå hus som garantert har fyrt i ovnen og har det varmt og godt inne. Vi er inne i den blå timen og det er ikkje så altfor verst å sjå ut vindauget. Men tempoet på bussen har synka betrakteleg – og om vi er i Stryn om to timar er veldig tvilsomt. Men foreløbig ingen sure miner, alle har smurt seg med tolmod. 🙂

Vi er framleis i live! Stig har vakna og ved hjelp av sin iPod sit vi no og leitar etter lyrics til Karpe Diem, så vi kan synge med på den nye yndlingssongen hans. Lurer på om vi skal få med ei lita helsing frå bussjåføren;) Ei dame gikk av ein halvtime etter Lom og ønskte oss LYKKE TIL over fjellet, Jo, takk skal du ha!! 🙂

NYHENDE:
No står vi ved den kjære bommen på Strynefjellet – og hei og hå! Her er det stengt! Så no vert vi ståande ved bommen for å godgjere oss, klar for kolonnekøyring! Halvtime venting, også blir det action på Strynefjellet!
Stig helsar til Joakim Kyrre som gjerne skulle vore med oss på denne turen, men som ditcha oss til fordel for rosa balettstøvlar.

bilde-88Her er siste oppdatering før vi kjem heim – batteriet er lavt og trass høgkvalitet med trådlaust internett på Nordfjordekspressen, fins her lite straum… :O Klokka er halv fem og Stig er ein smule rastlaus. Christopher har fått kabalen til å gå opp heile to gonger, min har ikkje gått opp. Eg suge i kabal!!
Vi har lada opp til ei økt med kolonnekøyring og kan godte oss med tanken om at vi snart, alle tre, er heime hos «ne mor» for å få årets julekos. Bussjåføren har forøvrig klisterhjerne og har imponert oss (og i alle fall Stig) med sine kunnskapar om kva tid vi er der og der. Han hugsar stadane på minuttet! Og vi såg på han når han ramsa opp alle plassane, han las ikkje frå eit ark – men hadde augene på vegen! WELL DONE! God sjåfør skal han ha. As we speak er bussen i gong. Og ein ting: eg er usikker på om eg skal ha belte på eller ikkje. Christopher seier at sjansen for å bli lam av eit topunktssele om det skjer noko, er ganske stor. Og då er spørsmålet: Meir eller mindre skade utan sele? What’s worth what? Eg spenner forøvrig på meg selen og ventar i spenning på å kome heim.

Ei lita melding internt i systemet; det var ei kanin innom på bussen som spurde etter Joakim Kyrre Myklebust. Han hadde uheldigvis mista rosafargen sin.

…. klokka er godt over åtte og eg er vel heime på Nedreberg. Her er det fyr i ovnen og pus i kvar stol. 🙂

Turen gjekk fint – vi var litt under ein time forsinka, og di nermare vi kom Stryn di meir spennande vart det. Det kom i gong ein liten tippekonkurranse oss i mellom om kvar tid vi ville parkere på busstasjonen i Stryn. Stig tippa 18:41, eg tippa 18:43 og Chris tippa 18:45. Då vi innsåg at vi vart endå seinare gjekk vi i gong med ny tipperunde. Og då vart visst fleire rundt oss engasjerte. Ein framfor oss tippa 18:47, eg tippa 18:48, Christopher tippa 18:49 og det ville ei dame framfor oss også tippe – men sidan den allereie var oppteken måtte ho lande på 18:50. «- Og vinnaren er ei øl på 3.dag?» lo han som tippa 18:47… Jepp! Det blir storstas på Nordfjordekspressen då. Vi spøka om å danne ei facebook-gruppe for «oss som var på Nordfjordekspressen 21.desember» og før vi visste ordet av det var vi framme i Stryn på SEKUNDET 18:49. I dét bussjåføren meldte sin ankomst kunne dei framme i bussen høyre «ååh neeeei», «flaaaks», «det var på hengande håret» osv. Christopher vann! Vi ønskte alle ei riktig god jul, og 18:47 og eg gjekk av bussen med eit smil om munnen. Endeleg heime!

Ellers hadde vi eit knakande kosleg julebord i går, med god mat og Big Bang-konsert. 🙂 Bilder frå det kjem seinare.

Og på vegne av Stig vil vi gratulere Manchester United med meistra for klubblag!! CONGRATS!

Slik såg det ut i Oslo då vi reiste. Vakkert.

img_9264

Tidleg morgon!

img_9261

Nordjordekspressen! Tommelen opp.

img_9273

Julemat på Sinclair…

img_9269

img_9270

Stig søv søtt…

img_9274

Det var ein koseleg tur… 🙂

Og forresten:
Dagens vits!

En japansk ambassadør var på en offisiell middag hvor Madeleine Albright spurte : “Mr ambassadour, do you have elections in Japan??” – Hvorpå han svarte : “Yes madam, evely molning.”

Advertisements

2 responses to “På veg heim – og fjellet er stengt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s