Jul på Nedreberg

Det er godt å vere heime på Nedreberg igjen… Kosing med pus og kanin, gjere reint i kaninburet, skifte takheller og ordne juletrebelysning og ellers ha det godt har stått på dagsorden på mandag. Eg gjekk heile dagen og trudde det var vesle-julafta, men fann ut etter å ha møtt Jannike i Stryn at det ikkje var det. Distré?? Ja, også møtte eg mine gode vener Christine, Heidi og Rigmor på kaffibaren til ein herlig kaffi moccha og foccacia med spekeskinke. 🙂  Vel, vi fekk i alle fall ein dag «ekstra» og fikk arbeidd litt med veden før vi slappa av med ein tre retters middag i Hornindal i går. NAM! Det var rakfisk til forrett, elgegryte til hovudrett og riskrem med kirsebærsaus til dessert. Herlich!!

I dag er det jo julafta, så den starta med å skrelle poteter og kålrabi til «Tre nøtter til Askepott». Heilt UTRULIG at den filmen har blit så populær som den har blitt! Men koslig er den likevel. Det blir pinnekjøtt til middag – og familien Nedreberg opptrer med gåvefri jul – noko som er HEILT FANTASTISK! I staden for å stresse rundt med å kjøpe presangar fordi vi MÅ, stiller vi heller opp med stor-familie, mykje god mat og drikke og begivenheiter i form av alkohol og artige brettspel/poker. Kan ein be om meir?? Nei, tusen takk. I love it!

Då gjenstår det berre å ønske alle de der ute ei riktig god jul!
Kos dåkke 🙂

Advertisements

2 responses to “Jul på Nedreberg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s