Finding Neverland

Tidlegare anbefalte eg filmen The Notebook på det sterkaste. I dag la eg merke til at TvNorge skal vise filmen Finding Neverland i kveld, som også er ein av dei filmane som får meg til å sitte igjen med «den her var heilt fantastisk»-kjensla.

finding-neverland-winslet_l

I denne filmen får vi møte forfattaren av Peter Pan, og korleis han vart inspirert til å skrive fortellinga som har berørt kvart eit barn… Etter fleire mislykka skrivne skodespel var J.M Barrie (Johnny Depp) vert han deprimert og lei av å mangle inspirasjon til «det lille ekstra».  Han leikar med hunden sin i parken, og der møter han fire gutar, med ei enkemor som viser seg å bli den store inspirasjonen til det neste skodespelet. Mora til gutane er sjuk og blir gjennom filmen svakare og svakare, og bandet mellofinding_neverland_2004m J.M Barrie og henne (Kate Winslet), og ikkje minst dei fire gutane vert sterkare og sterkare. Sidan Barrie allereie er gift, får dette forholdet til familien eit rykte som ikkje høver seg i samfunnet dei lev i… Men det som kjem frå dei opplevingane han får med denne familien, fantasifull leik og kjærleik – er det som skal til for å skrive det perfekte stykket – Peter Pan.

Nok ein gong kan vi nye Johnny Depp sine fantastiske prestasjonar, og ikkje minst den talentfulle guten Freddie Highmore som har rolla som Peter. Det er denne guten som er med i Charlie og sjokoladefabrikken – og det er Finding Neverland som er grunnen til dette. I denne filmen fall Johnny Depp for den unge guten, slikt talent hadde han ikkje sett makan til, og han nekta å spele inn Charlie og sjokoladefabrikken med mindre Freddie Highmore fekk spele ein av hovudrollene der også. Om du ser Finding Neverland forstår du kvifor.

Om du IKKJE skal sjå på tv i kveld, som sikkert er bra for deg – så må du (om du ikkje har sett den før) finne tak i filmen og sjå den når du har tid. Den er rett og slett fantastisk.


Advertisements

4 responses to “Finding Neverland

  1. Ja, det er rart med det alså… Dissa ruska dukka opp veldig ofte! I alle fall i Holiday når ho derre Cameron DIaz får komme inn i ditta teltet til jenteungane til han fyren… Då alsåå…. 😛

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s