Stemningsrapport frå Nedreberg

hu

I går var det julesamling på Alexandra med venninnene. Kvelden starta hos Solveig, som var usedvanlig godt å sjå igjen etter at ho har vore på Bali. Der kosa vi oss med vin og gode historier medan vi gjorde oss klar før det bar vidare til Alexandra for ein betre middag og fest i dancingen etterpå. Utpå kvelden kom også Christopher og Stig og co, og etter omlag ei veke utan dei, var det veldig godt å sjå dei igjen. Kjekt å møte alle vennane samla på ein stad i jula, og guri land så flotte alle var. Kom heim seint i natt, og du verda så godt det var å legge seg.

I dag var det opp og stable ved. Mamma diska opp med klubb til middag, noko som er uhyre godt! Pusen kosar seg på sofaen, Hans Ulrik krabbar rundt på golvet på oppdagelsesferd, Tormod har sovna på fanget mitt og julestemninga er på topp. I kveld skal tmvi spele «Bet your brain», som er det nye brettspelet som er kome i hus. Det er ABSOLUTT til å anbefale! Eg har sjelden blitt så engasjert. På lag som Fantasi/TP… 🙂 Slik står det på «Bet your brain» sine sider:  «I Bet Your Brain® skal alle talenter og ferdigheter tas i bruk. Uansett om du er nerd, taktiker, god til å tenke logisk, allmennviter eller klarer å lese dine motstandere – har du sjansen til å vinne.
Grunnideen til spillet er at man satser på sin egen- eller motstanderens kunnskap. Eller mangel på sådan! Derfor har alle en sjanse til å vinne, uansett hvor mye kunnskap man sitter på.»

I love it.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s