Det beste året… Nok ein gong!

Året som har gått har vore ubeskrivelig fantastisk. Som i fjor (http://www.vgb.no/10232/perma/277132) kjem det også ein kavalkade for året som har gått… 🙂

Januar starta med intens jobbing siste dagane før vi 20. januar, Ina-Mari, Heidi og eg sat oss på flyet til Los Angeles! Der var vi eit par dagar og fekk med oss det mest relevante;  Walk of fame, Universals Studios, Venice Beach og sist, men ikkje minst – det fantastiske Disneyland der vi var så lykkelige at vi alle tre felte ei tåre når det var fyrverkeri på slutten av kvelden.

januar

Tussi, Ina-Mari og meg i Disneyland januar2 Kveld i Disneyland

januar3

Cruisa rundt i Wisteria Lane…

januar4

Vi var på Fiji i to veker, der vi kosa oss med kava, sola oss, snorkla, slappa av og møtte mange kjekke folk. Her fekk vi oppleve skikkelig storm!! Det var fantastisk! Også tok Ina-Mari og eg årets første dykk og fikk sett skilpadde 🙂

januar5

South Sea Island på Fiji…

januar6

Her vart filmen Cast Away med Tom Hanks spelt inn. Vakkert var det!!

I februar tok vi turen til New Zealand der vi var i to veker. Vi budde hos Karl (som eg møtte på Roskilde i 2007) og såg litt av kvart! Der hoppa eg i fallskjerm for første gong, var på grotterafting, såg UFO-hus, reid opp til ein vulkan, testa ut Zorbing og ikkje minst Zwoop. I grotta  for vi rundt med sånn tube, såg glow-worms i taket og fekk alle i gruppa med på allsong; Beatles – Get by with a little help…» Uforgløymeleg. Det var storarta. I Auckland presterte vi å forsove oss til flyet til OZ, og vart eit par dagar ekstra i NZ.. 🙂 Flott var det! YEAH!! Ja, også fekk vi sett «black sand beach» for første gong…

fint

feb1

Morssome Zorb!!

feb2

Zwoop kicka ass!!

feb3

feb4På ridetur til ein vulkan… 🙂

feb51Karl, meg, Heidi, Ina-Mari og Ross!

Mars gjekk føre seg i Australia… Ein og ein halv månad hadde vi der, det var heilt fantastisk. I Sydney møtte vi nokre Strynejenter, hang litt rundt og såg diverse; Den botaniske hagen, operahuset, folk som spelte på didgeridoos, og Ina-Mari og eg tok turen innom «minus fem»-baren, noko som var veldig spesielt. Heidi reiste til Thailand, og Ina-Mari og eg opplevde campervanlivet som «det einaste livet for oss». Eg kan ikkje beskrive kor vanvittig feitt vi hadde det. HEILT RÅTT! I Mars kom vi oss så langt som til Brisbane, og på vegen opp dit hadde vi vore i New Castle, på «Home and away»-beachen, vore på koalasjukehus, sett diverse kenguru som klødde seg noke heilt sinnsjukt på magen. Aaah SWEET!! Også var vi i den meget alternative byen Nimbin som sjarmerte oss litt.Vi hang ut i Byron Bay som var ein kjempefin, liten by der festfaktoren var HØG. I Surfers Paradise fekk vi klaus – og gøymde oss vekk i all verdens karusellar og trivialitetar i Dream World og Wet’n Wild. Djeah!!

mars11

Koala med klamydia på sjukehus

mars21

Byron Bay beach life

mars31

Surfers «Paradise»

mars4

Ina-Mari med tacodinner utanfor bilen vår

I april feira vi påske i Rainbow Beach – åt ostekake på stranda, så fekk vi helst på kenguru, hadde frukost-piknik med leikande delfinar som utsikt,  var på segling i Whitsunday Islands, dykka på Great Barrier reef, var på Fraser Island og vart kjent med dei sprøaste meksikanarane nokon gong. Awesome… Put another shrimp on the barbe, mate!!

april1

Påskemannen 🙂april2

Påske-ostekake på stranda

april3

gjengen på Fraser Island

april4

april5

Kengurukjærleik

april6

Dykking på Great Barrier Reef

april8

Chill lagune i Cairns

Masse klede å pakke i hop etter MAX shopping…

april7

Vi tok fly frå Cairns til Singapore, og reiste der i frå med tog, buss, minibuss og båt til Phi Phi der vi besøkte Heidi for eit par dagar. Der fekk eg oppleve å vere så fyllesjuk som eg ALDRI før har vore. Vi kosa oss godt, før vi reiste vidare til Bangkok, og tok buss over grensa til Laos… Det FANTAAAASTISKE landet!!

april12Det første som møtte oss i Singapore…

april101

Phi Phi

vann

Vannkrig så det holdt i Thailand, nyttårsfeiring 😉

Laos var som sagt fantastisk, og det viste seg å bli den største overraskinga vi fekk. Folket, naturen og stemninga i det landet var ufattelig bra. I Laos klatra vi, såg ein heil del tempel av ulike slag,  tuba på bar-run og kosa oss med å sjå på delfina og tok livet med ro med sykkelturar og diverse kosligheiter…Ja, også fekk vi køyre tuk-tuk!!

laos

Fyr på moped med mange tepper…

laos2

laos4

Tuk-tuk var kjekt å køyre!!

laos5

Fantastisk tempel…

laos61

Det er ikkje fullt før nokon dette ut av..

laos7

Tubing 🙂laos8

Plain of Jarsfour

Four thousand Islands – delfinskue ->

four7

Sykkeltur 🙂

I mai hadde vi den lengste reisa vi nokon gong hadde hatt. Vi reiste i over 50 timar i strekk. Og over halvparten av denne reisa befann seg på ein varebuss der vi satt med beina oppå matkasser, vi forstod ingen ting og til slutt, når vi var komne til Vietnam, så måtte vi haike med ein lokal fyr for å komme oss til den byen vi skulle til… Litt spennande det gitt!

mai

Bussen vi sat i over 25 timar, lekkert.

mai2

Chu-Chi-Tunnels i Saigonmai3

mopedtur i Saigon 😉mai4

Beach i Nha Trang

mai5

sydde kleder i Hoi An

mai6

mai7

Nattmat med lokale etter heftig fest i Hanoi.

mai8

Halong Bay

mai9

Streets of Hong Kong.

mai11

Hong Kong harbour-view

mai12

Ina-Mari eter Dim Sum…

mai13

Maaasse bagasje etter ein lang tur…!

I juni var eg heime på garden og passa på, då mamma hadde stråle-behandling i Oslo. Det gjekk i kantklipping, gjerde-oppsetting, skogsrydding, ymse måling og diverse andre ting… Ein del festing med gode venner, og ikkje minst KISS-konserten i Bergen som var heilt RÅ! Mormor og tanta til pappa vart introdusert til Tequila, og vi hadde ein kosleg road-trip i Nordfjord.

juni

Pause i klippinga.. Godt med kos.

juni1

Typisk Nedreberg.  Erlend, Mormor og eg i skogsryddingspositur.

juni3

Hoppings på Refviksanden

juni2

Eg og Heidi på KISS!! ROCK!! Janike, Heidi og eg bestemte oss for å reise samme dagen konserten var – berre flaks vi fekk billettar 🙂

Juli gjekk veldig kjapt. Ein del festing på Folven, gardsarbeid og i slutten av juli flytta eg til Oslo. Heidi vart med på Dandy Warhols-konsert, noko som ikkje var anna enn fortreffeleg. Feit musikk og god stemning!! Frank Willie arrangerte ein herlig aften for alle vennane, med middag i Kjenndalstova og fest på Bødalseina som varte til morgonen kom. Vakker solnedgong. juli1

juli4

Jannike og meg klar for fest 🙂

juli3

Sommargale Stryn-revy. Topp stemning.

juli2

Fantastiske Dandy Warhols spelte på Rockefeller…

August gjekk veldig fort. Eg begynte på Bjørknes Høyskole, jobba veldig masse og tilpassa meg livet i Oslo… Deilig å vere i same by som Tiril, og ikkje minst mine brødre Tormod og Hans Magnus, og tantungen – Hans Ulrik (den herlege).  :p Men august var ein kjempmånad. Vart kjent med Stig gjennom sambuaren min, Christopher og fann ut ganske fort at dei to er nokre STORE gromgutar!! Kjøpte også klatreutstyr og klatra ein del saman med Christopher. Også mista eg husnøkkelen min i Sofienbergsparken ein time før eg skulle på jobb, iført kun sarong og solbriller. Sweet.august

September: Skule, jobb, fest og ei veke i Canada på besøk hos kona til brodern og hennar familie i fantastiske Nova Scotia. Der prøvde eg opptil fleire gonger å stå på vannski, men eg måtte innrømme at eg er for dårleg. Fekk det IKKJE til. Og mitt store nederlag vart også oppdaga i Canada. Etter det BESTE MÅLTIDET eg nokon gong har hatt, som var hummar, fekk eg då vite at jau, eg, skaldyrelskaren Birgit var allergisk mot hummar. Og skaldyr. GRIN OG HYL.  Vi hadde også ein fantastisk vellykka innflytningsfest (for Christine og oss sjølve) etter at Anne Mari hadde flytta inn med kjærasten sin. Hans Ulrik var kulare enn nokon andre. Og ikkje minst må eg meddele at det var denne månaden The Presets holdt konsert på Parkteateret, og herreguuuuud kor feitt det var! Eg har ikkje vore så øsen på AGES!!

september

Nabovarsel!

august1

Kule Hans Ulrik

september2

Ein klar dag i Pubnico, Nova Scotia

I Oktober opererte eg augene og du verda for eit syn eg fekk! Eg opplevde solbrille-rasisme på bussen.  No ser eg heilt klart. Hurra! Christopher og eg tok til med onsdagsvorspiel der vi kosa oss med The Office, god drikke og Justice-konsert på Betong. The Vineyards leverte ein kul konsert på Gamla, der vi letta på rockefoten!

september1The Vineyards

November hadde fleire musikalske herligheter å by på. Christopher og eg gjentok suksessen med vors a» la The Office, men denne gongen med Golden Goal og Cut Copy-konsert som avslutning på Sentrum Scene. Konserten var heilt RÅ! Åse Maria og eg var på Madrugada sin adjø-konsert, koseleg. Vi såg James Bond på kino, hadde quiz- og pizzanight på skulen, feirte bursdagen til Andreas og hadde ei langhelg heime i Stryn. Månaden vart avslutta på Datarock-konsert saman med Tiril, noko som viste seg å bli ein kjempebra fest. Thanks! Masse sushi vart konsumert denne månaden.

november3

Åse Maria på Madrugada

november2

Utsikt frå garden

november1

Solnedgong på Blakset

Desember gjekk heilt sjukt fort. Eksamenslesing, filmsjåing, eksamensfest med klassen,  og knusling gjekk med før vi avslutta året i Oslo med eit flott julebord med Stig, Christopher og Joakim, med middag på Akersberget og Big Bang-konsert på Sentrum Scene.

Eg kom heim til Stryn same dag som Erlend, og vi brukte førjulsdagane våre på ymse arbeid som vedstabling, fikse takheller, henge opp juletrelys osb. Når jula kom var det herleg å feire julafta i heimen, 1. juledag hos naboen, 3. dag på Alexandra med masse gode venner, 5. dag i tunet med spel og fanteri, og til slutt: Nyttårsafta – heime under middagen, og på Nordfjordeid med ein haug med sinnsjukt bra folk hos Vibeke. Eg kunne aldri fått ei betre avslutning på eit så bra år! Den beste nyttårsafta ever! 🙂

desember

Klassen heime hos Andreas!

desember1

Stig og eg på Akersbergetdesember2

Big Bang!

Takk til alle dåkke som har bidratt til det fantastiske året som har gått. Eg har logra med halen meir enn nokon andre med hale, og blitt kjent med mange, mange herlege folk! Mamma er heilt frisk (og nok ein gong er eg kjempestolt over henne). Hans Ulrik blir berre kulare og kulare for kvar dag som går. Eg storkosar meg i Tigerstaden saman med Christopher, og kunne ikkje bedt om ein betre sambuer. LOVE YOU! Konsertopplevingane har vore utrulige, kanskje fordi at dette året fekk eg  ikkje reise på Roskilde…? Ina-Mari og Heidi har sørga for utrulege opplevingar i utlandet, og The Office, The Mighty Boosh og Lovefilm.no har sørga for at eg ikkje har kjeda meg eit minutt. Takknemlig for livet! YES!

GODT NYTTÅR, FOLKENS!!

Advertisements

12 responses to “Det beste året… Nok ein gong!

  1. Tjo-bing! Birgit,du er herlig! Gleder meg til maaaasse kvalitetstid i Oslo – just gimme the light and pass the dro! Neida, jag sejer aldri något roligt:pp

    • Om nokon er herlig, så er det i alle fall du Vibeke! Eg også gler meg. Vi må forte oss å lage vaffler, det er lenge sidan sist no! 🙂

      Eg reiser i dag, KOM!!

  2. Du kan godt seie frå når du skal lage vafle, Birgit!!!:) Eg kjem faktisk før du veit ordet av det. Og forresten; Takk for at DU har gjort mange daga i 2008 bedre enn dei hadde vore utan deg! Då tenke eg for eksempel på utallige gromkvelda på Folven, kortspeling og mat på Nedreberg og ikkje minst 3.dag på Alex! I LOVE YOU!

  3. det skal eg gjere, veit du 🙂

    for ein koseleg kommentar, Mari! Takk det samme 🙂 Og meir skal det bli!!
    Love you! 🙂

  4. eg lova å bidra til meir knusl i 2009!
    heile januar er eg i tigerstaden. har samme nummer som før. og vil vil vil sjå deg. skal bu hos pappan til tiril. og det er jo med deg nesten. har eg hørt. suss på deg.

  5. Åh guri land!!! Det er rett over parken!! 🙂 Då blir vi så godt som naboar. Det er CLOSE! Eg gler meg! :)) Hoi hoi!!

  6. ååh, vi har hatt det so fint vennen! tenk kor mykje vi har gjort i lag i 2008. Må innrømme at tårene pressa på når eg las om reisa og sommeren!
    Håpar du har kosa deg like mykje i mitt selskap som eg har i ditt.
    Og måtte 2009 bli enda betre!!

    Glad i deg.

  7. Ja, det har vi jammen! 🙂 Og no kom eg på at du kom ut og hjalp meg med å måle, og det enda opp med herlig vinkos, og ein hektisk tur til Loen!! HAHAHAHHA:) Takk for hjelpa, og tusen takk for selskap! Haha, ja, det har eg!! 🙂

    DU er heilt super! 😉
    2009 er fantastisk allereie! Og du har herligheter å gle deg til;)

    Glad i deg også!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s