Driving home FROM christmas…

nordfjord Her sit eg nok ein gong, på Nordfjordekspressen. Denne gongen er eg aleine. Ingen Cristopher. Ingen Stig. Det er rett og slett litt einsamt. Men denne gongen er derimot bussen passeleg full, og eg har fått heile to seter å boltre meg over. Vi har køyrt i to timar og eg har allereie rukke å gjere ein heil del. Sett ut glaset, sniksett på dei andre rundt meg (han bak til venstre har gått gjennom nyttårsfortsetta sine: 1. slutte å røyke. 2. drikke mindre. 3. meir fritid – men då trudde han kanskje at han får sparken. 4. trene meir 5. ha meir sex -med kona som sit bak meg 6. ta kontakt med gamle venner og 7. vere meir ute i firsk luft.) Eg har ete to skiver med svolverpostei og rukke (skriv ein det slik, mamma??? å rekke, rekk, har rukke/rekt? eller, har rekt, då tenkjer eg, har kome rekande på ei fjøl… ah!) å bli svolten igjen, drukke vatn, lest litt bok og chatta med Sveinung som også var på Nordfjordekspressen. Sveinung kunne meddele at eg skulle vere glad for at eg sat meg på den bussen eg gjorde. Han sat på den som gjekk tidleg, og der hadde det vore kaos.

nordfjord2JULA har vore fantastisk koseleg, og sjølv om det blir godt å kome tilbake til Oslo, så er det jo med «mymy-tankar» eg reiser heimafrå. Mamma har vore ein usedvanleg bra kokk, og lutefisk, klubb, kjøttkaker, pinnekjøtt, kalkun og nam nam nam har vore på menyen. I Oslo blir det nok Trondhjems lapskaus på menyen, inntil vi får stipend. Og ikkje minst tanken på eksamenslesing får augene mine til å sørgje… Ikkje meir «bet your brain» med Erlend, Tormod og Åse Maria, men pensum-lesing dei to neste vekene. Hurra…! Men for all del. Så GODT det skal bli å kome tilbake til Oslo, og vite at eg har Christopher og Stig i nærleiken – og Tiril!! Og eg gler meg til kvalitetstid saman med dei. Og året som har gått har vore så kjekt, at om eg skal klage på noko så bør det jaggu vere noko å klage over! Dessutan har eg så mykje å sjå fram til også!! AC/DC, Bloc Party, Oasis berre for å nemne noko… Hoi hoi!

No skal eg vere ein smule melankolsk saman med min gode ven Tom Waits, og legge meg til rette i dei to seta mine og mimre om «gamle dager». Eg har forøvrig med meg ein kalendar tilbake til byn som eg fekk med Ina-Mari. Den skal dåkke få sjå seinare!

Akkurat no meddeler forøvrig bussjåføren at vi som passasjerar har komt i skade for å følgje med på ei klokke som er spinn hakkande gala. Den viser 22:39, og forhåpentligvis så har dei som kom på bussen klokka 15:10 forstått at det ikkje stemmer at klokka har blitt så mykje etter berre to timar køyring. Det får vi INDERLEG håpe.

Framleis godt nyttår folkens!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s