Eit rop ut i natta (eller ka f ein seier…?)

Som tidlegare skrive har eg kosa meg på Nordfjordekspressen. Eg klaga litt over at det var kjedeleg utan Stig og Christopher, og det var det også. Men eg fekk selskap av Jon Blund. Han hang rundt altfor lenge eigentleg. Så difor er eg våken no. Får ikkje sove, og er våken som eit lys. Eg høyrer på Silver Jews med låta «Sometimes a pony gets depressed» og har nypålagt seng – noko som er ein av dei tinga som eg ofte seier at det er det beste eg veit. Akkurat no er det Billy Bragg og Wilco som spelar «Ingrid Bergman», ein koseleg låt.  Når eg ligge her og stura (på den voldsomt flotte kalendaren eg har fått) så dukkar det opp eit par spørsmål eg tenkte dåkke kanskje kunne hjelpe meg å få svar på. Følgande er:

1. Kvifor er sengetøy så dyrt!?

2. Når ein har levd i 21 år, og aldri hatt problem med å vite i kva ende i senga hovudet skal vere – og ein plutselig får heilt makk fordi ein ikkje føler at hovudet er på riktig side. Korleis avgjer ein då kva veg ein skal liggje? No har eg snudd meg tre gonger, har hatt hovudet i den enden der vindauget går inn til kroken, og lege med hovudet mot naboen – ved sidan av skrivepulten. Eg klarar ikkje bestemme meg. Hjelp.

3. Kva har det seg at dyner altfor ofte har ein tendens til å vere altfor korte? Eg vil ha ei dyne som er lang nok til å ha den langt over haka, på same tid som eg kan «krølle» den under beina mine, så dei er pakka inn. Fins det??

Neste spørsmål er om Jon B, som eg likar veldig godt. No som det er juletider har eg merka at han kjem veldig seint. Han har sikkert andre ting å gjere på i jula, enn å flyge rundt og strø sovestrø (eller luske i håret, og synge byssan lull til folk – som han gjer med meg) på folk. Han feirer vel jul han også?

4. Om Jon Blund skulle bli sjuk, får han då vikar?

5. Om Jon Blund blir sjuk, og ikkje melder i frå? Ligge alle våkne og ikkje får sove då? Eller… Kva skjer?

6. Har Jon Blund evig liv?

7. Har han familie? (eg trur ikkje på underverk liksom, nokon må jo vere foreldra hans?)

8. Kven feirer han jul med? Tannfeen??


Dagens anbefaling:

På bussen vart eg veldig obs på plater som er så herlege at eg får gåsehud.

1. Radiohead si siste plate «In Rainbows«. Eg hugsar første gong eg høyrte «you are all I need». Reklame på MTV, Ina-Mari og eg låg i ei seng etter ei laaang reise til Vietnam. Den låta var som balsam for sjela. Det er resten av albumet også. Morsomt nok, så fortalde Christopher at han hadde høyrt på det albumet når han også tok bussen til Oslo – og vi har akkurat same tankane om det. Det er SÅ BRA! Nokon syns ikkje det er så bra første gongane, men det er akkurat som (no skal eg ikkje nemne sex her, men…)… Det blir berre betre og betre for kvar gong!!

2. Radiohead sitt fjerde album «Kid A».  Berre høyr.

3. Portishead sitt andre album «Portishead», «Dummy» er mitt favorittalbum, men «Portishead» er herlig. Låtane All Mine, Over you og Only You finne du der…

4. Tom Waits sitt utruleg beroligande album «Closing Time». Er du nostalgisk, eller melankolsk kan det albumet her faktisk få deg til å felle ei tåre. Med Ol» 55, Martha, Lonely og I hope that I don’t fall in love with you får du garantert ei ro i kroppen som du kan leite lenge etter. Og stemma til Waits er legendarisk.

5. Massive Attack har bevist for meg at alle gode ting ER tre. Det tredje albumet, Mezzanine har teke meg med storm. Eg hugsar i fjor når vi var ute og reiste; eg kunne høyre songen risingson kanskje 20 gonger på rad – utan å overdrive (berre spør Heidi og Ina-Mari). Tear drop er mest sannsynleg den mest kjende låta frå albumet, men oh my god! Ta deg tid til å høyre på, og la deg sveve avgarde ut i det store intet…

sove1

sove-copy

Advertisements

4 responses to “Eit rop ut i natta (eller ka f ein seier…?)

  1. Om eg ikkje kan svare på alle spørsmåla dine, så kan eg no iallefall (prøve å) svare på eitt. 😀

    Det finst nåken fantastiske oppfinningar som heiter 2,20-dyne 😀 Eg elska dei! Om dét ikkje er langt nok for deg, kan du sikkert kontakte verdens høgaste mann og spørre kva dyneprodusenten hans heiter 🙂

    • Då skal eg jammen sjå meg føre neste gong eg har spenn og er i dyne/putebutikk!! 🙂

      Det må hamstrast inn.

  2. Eg kan og svare på dyne-frågan 🙂
    eg har kjøpt meg dobbeldyne, den e 220×240, og det e herligheten sjøl.. nesten for stor i ei lita seng for då e den nesten som ein uhøflig overnattingsgjest som stjele all plassen..
    den e og veldig grei å ha når andre skal sove i senga med deg.
    den kan krøllast opp under beina og brettast under haka og det vil fremdeles ikkje føles som ei tvangstrøye. kjøpkjøpkjøp.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s