Den store jakta

I dag våkna eg for første gong i heile mitt liv (er ganske sikker på at det er første gong) før klokka ti om morgonen og stod opp av eigen vilje, fordi eg var utkvilt. Hurra! Det er heilt utrulig. Eg laga meg god frukost, las til eksamen og «kosa» meg med ymse forelesningar og Media Studies som boka heiter, og brukte opp to markøringstusjar. Trondhjems lapskaus (som eg aldri blir lei av, og skjønna ikkje kvifor?) stod på menyen saman med Åpen Post som eg gong på gong vert forelska i. Christopher var godt selskap og dagen var smooth. Lisa Mari og eg hadde treningsdait halv seks, der det var pilates med ball på dagsorden. Og får dåkke som kjenner meg, om de vil ha ein god latter – sjå deg føre meg oppå ein ball. I alle fall de som såg meg på Fiji då eg prøvde å karre meg opp i ein båt. Morsomt syn var det garantert.

Men etter treninga vart eg skikkelig sugen på noko godt som knasa, i form av frukostblanding, noko som eg ikkje fann. For eg er mildt sagt drit lei av alle Kellogsprodukt som er flate. Eg fann eit alternativ på Rema 1000, men eg måtte forte meg å sette tilbake pakken då eg las eit NØDRIM som var så ekkelt at eg mista matlysta. No hugsar eg ikkje heilt korrekt korleis «diktet» var, men det stod noko i form av: ved å spise havrefras hver dag, blir du god og mett – rett og slett. GIMME A BREAK?! Djises! Eller holy smoke!..som Eia så gjerne ville sagt… Men anyway. Eg boikotta Rema1000 på løkka og traska lenger opp gjennom gatene etter ICA, for å leite etter den perfekte müsliblandinga (eg syns det blir for rart å kalle det frukostblanding når eg skulle ha det til kvelds). Christine snakka om ein gul pakke som skulle vere kjempegod, med rosiner oppi. Og jammen santen, så fann eg den på ICA! Quaker crüsli, «sol frokost». UTAN nø(r)drim! Eg hadde forventning til knasing, men ikkje tilsvarande det eg fekk oppleve. Den var så god, og frisk! Og akkurat passe mengd med rosiner. I give it 9 out of 10! Well done, Quaker.

crusli

Dagens latteranbefaling

Ellers snakka eg med ein kompis av Christopher, Jon Kåre, i dag når eg hadde «pause» frå lesinga. Då var han så utenksom at han sendte meg link til Snabbgrabbar si nyheitsspalte brødnytt noko som eg hadde sett før, men sidan den er så uhorvelig morsom, så vart eg sittanes å sjå den, og mange, mange andre fleire gonger. F.eks nyheter for trær eller hårnytt som verkeleg får meg til å le. Aaaah. Eg likar veldig godt å le!

No har eg nettopp fôra Christopher med litt kornblanding. Håpar han likar den like godt som eg gjer.  Må forte meg å hoppe i dusjen, vi skal sjå puppane til Jenny Skavlan på kino kl. 21.00. Etter det blir det meir effektiv lesing til eksamen. Og ja, eg er framleis kyniske-Birgit. No feelings, no stress what so ever. Eg vaknar vel opp til slutt, tenkjer eg, så eg får kjenne litt på korleis det er å grue seg til eksamen?? 😉

Christopher gir forresten blandingsen 7 av 10 moglege… (Eeeh, har du smakt choco pops eller?!)

Advertisements

8 responses to “Den store jakta

    • @Mona: Den sorten har eg aldri høyrt om? :p Men synd at den beste er ute av Norge då, kunne kanskje blitt ein 10/10 det då!

    • @Glenn-Roberth: Vel… Er generelt ikkje så glad i frukostblanding, men denne her var skikkelig, SKIKKELIG crunchy 🙂 Og då var det jammen godt!! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s