Litt nær-døden oppleving og ekkelt smågodt.

Etter ei intens aerobicøkt på Oxigeno, som eg skal anbefale seinare om det fortsatt er like bra der (per dags dato er alt fantastisk!!) om ei god stund, var det tid for middag. I dag var eg så heldig å få to kjekke karar ved mi side, Isan og Frode, og måltidet var sushi. Denne gongen var det Japo på St.Hanshaugen som var the place to be. Kjip plassering (inne på St.hanshaugen senter), kjip musikk (alle som inte dansar er an voldtektsmann osb.), men god mat!! Sidan eg, den 18. september 2008, fann ut etter det beste måltidet eg NOKON gong hadde ete at eg var allergisk mot skaldyr måtte eg bestille min Dagens Meny 1 utan kamskjell. Eg var kjempesvolten, og sidan Isan var så flink til å ete fort, så gafla eg (eller pinna i meg) den deilige sushien. Og etter ein bit som eg trudde var smørfisk, rensa eg munnen og såg bort på Isan og hans porsjon. Han tok «smørfisken» i munnen og laga ein sånn der no-kosa-eg-meg-med-maten-lyd og sa at kamskjell var jammen godt. Eg fekk mitt i halsen og såg på Frode med store auger. «Er du veldig allergisk?» spurde han. Eg svarte at eg ikkje visste, berre at sist gong vart det tur til sjukehus og at eg hadde fått ein slik epi-pen som eg skulle sprøyte meg med om eg konsumerte skaldyr. Den låg igjen på Løkka. Isan lo litt, for han visste ikkje at kamskjell var innanfor skaldyrkategorien, og sa han angra på den gesten han nettopp hadde gjort. Vi konkluderte med at OM det skjedde noko med meg, kunne vi kanskje få eit gratis måltid sidan kelneren gjorde feil. Heldigvis skjedde ingen ting og eg er framleis i live, fem timar etter.
Etter den gode middagen tok eg turen på Rimi og handla inn diverse saker eg skulle ta med opp i leiligheta til Hans Magnus. Han er så snill og lånar den vekk til meg no når eg skal førebu meg til eksamen, og eg er evig takknemlig. Her er stor plass til masse pensum, ark, pennar, post-its og ja.. I love it. Anyway. Eg kjøpte ein pose smågodt som eg tenkte eg kunne kose meg med når eg skulle ta til med lesinga. Og no sit eg her. Og forbanna meg over Candy King. Eg veit eg ikkje kjøper det ellers, men denne gongen fall eg i grøfta. Noko av det her må eg vel like? Men nei. Det var så kjedelig godis at eg rett og slett vart litt sur, og fekk behov for å klage litt. Og dessuten fekk godteposen meg til å heller ville LESE enn å knaske. Er det mogleg?! Då er det jammen kjipt godis. Nei, eg tyr til smågodt som dei sel på Kiwi i staden for… Aldri meir Candy King!! I rest my case.candyking

Advertisements

5 responses to “Litt nær-døden oppleving og ekkelt smågodt.

  1. Er jo litt dyrt å reise til Thailand og Malaysi da, men har veeldig lyst til Malaysia da, er så fin der 🙂 men e jo ganske langt å reise for kun ei veke liksom :/ Lars kan jo ikkje ta meir en ei veke ferie, då får jo han heilt panikk :p
    Men har ikkje funne ut om vi sk ta det no,eller om vi ska vente eeenda lenger! Typisk 😦 eg kunne godt reist med den gang liksom :p ehe 🙂

  2. Eg og vil ete middag med Frode og Isan<3
    Og du har heilt rett i at Candy King e ekkelt, og at Kiwi-smågodt e best! (Ilag med Mix sitt, viss det e nytt)

    Ps! Ja, eg veit eg e trist som alltid lese og kommentera innlegga dine, men jobben min e kjedelig.

    Suss!

  3. Hehe.. Snart blir det din tur, Mari! 🙂 Når du kjem får vi kjøpe oss ein pose Kiwi-godis!

    Eg syns det er kjempekoselig at du er innom her og lese, og ikkje minst kommentera. Då veit eg i alle fall kven som er her 🙂 Og ikkje minst får eg jo støtte for at Candy King er ekkelt;) Hehe…

    Suss!!

  4. What can I say – I don`t have a life! No e klokka 21:57, det e lørdag, og alt eg klare tenke på e kor ufattelig lyst eg har på fylla..

    MEN; Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves. OSLO SOON!

    Lykke til på eksamen, babe!:)

    • Hohoho:) Du har godt av ein pause, Mari! Må jo kvile litt inn i mellom også! Om det er nokon trøst, så er vi to! 🙂

      Tusen takk!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s