Studentrabatt? PLEASE!!

Hei og god dag, godt folk! No er det ei stund sidan sist det var bloggings på gong, og litt har skjedd sidan sist. Men berre litt. Var på «corebar»-trening på laurdag – noko som er det mest slitsomme eg har vore bort i, i heile mitt liv!! Det har vore eksamenslesing på gong, noko som eg skal komme tilbake til seinare. På søndag tok Christopher, Lisa Mari, Tiril og eg turen til Bygdøy akkompagnert med den herlege Hans Ulrik som syns det er tøft å sjarmere damer (og oss) på bussen ved å kike opp på dei og seie «hei duuu». No som han er over eit år har han vakse ein heil del. Og han har vakse til å bli ein aldeles slu liten kar. Han elska å bli sunge for, så han kan glatt late som om han er litt gretten, slik at vi synge til han. Gjerne Beatles. Då blir han glad igjen, men når vi sluttar å synge så er det sure miner i andletet på gong igjen – og vi må synge nok ein gong. Han har smak i det minste. 🙂 No har han forresten lært seg å synse at det er feitt å bli ta bilde av. Til mi store glede, så ler han kvar gong etter at blits(z)en har blitt avfyrt. Herlig!! Etter å ha flausa meg ein god del ut på veg ut av bussen (OMG), var neste stopp Peppes Pizza på Solli plass. Der kunne vi ete så mykje vi ville for 99 kroner. Det var eit herleg måltid. Men garantert berre ein gong i blandt. Det er ikkje SÅ eksklusivt med buffét der dei set ut to eller tre forskjellige pizza. Men det var snydens salat ved sidan av då, og eg kunne konsumere så mange cherrytomatar eg ville! SNYDENS!!

img_9920

Mandag var det dags for eksamen, og eg har aldri ledd så mykje av oppgåvene før. Den var rett og slett heilt usakleg, og urelevant og OM eg hadde lest meir til eksamen, så hadde eg i alle fall ikkje lest til det vi fekk om då. For det var vrøvl. Og pensum inneheldt MASSE meir relevant og ikkje minst viktig stoff enn det pjattet vi fekk på eksamen. Eg håpar eg står. Ellers er eg godt fornøgd med resultata på dei eksamenane som var før jul. Hurra!! 🙂 Komande torsdag (oi, i morgon) er det ny eksamen. Mediehistorie. Så det er dette denne dagen skal gå med til: Lese. Pugge. Også trene. Eg har blitt veldig begeistra for å trene i det siste, mykje alternativt og eg smiler frå øyre til øyre og blir så sliten at eg tenkjer kvar gong at eg trur eg skal dø. Men heldigvis er den tanken over etter kun kort tid. Oxigeno er like fantastisk enno, og instruktørane er så kjekke at eg lure på om dei har gått gjennom ei kjekkheitsprøve før dei blei ansatt. I går var det step, i dag er det dansaerobic på planen. FUN! Det verste av alt er at koordinasjonen min er heilt sjukt dårlig, men no innbille eg meg at det går litt betre enn i starten. Kanskje det gjer det også? 🙂

Til slutt vil eg fortelle om eit provoserande augeblikk. To faktisk. Eine meir provoserande enn andre.

Scenario 1: Student med sjuuukt dårlig råd har lest så «mykje» at alle markørktusjane kjøpt inn i haust då startstipendet var ferskt har gått tomme/blitt tørre. Og nye må kjøpast inn. Birgit er på bokhandel og har funne seg ein grønn og ein gul, som viser seg å ha blitt dei som fungerer best som markørtusjfarge, og står i kassa for å betale med eit kort som kan svikte kva tid som helst. – Du har vel ikkje studentrabatt på desse markørtusjane vel? prøvar eg meg på med eit smil. –Nei, desverre. Men du skulle gjerne fått Sogn og Fjordane-rabatt, men det har vi heller ikkje. Sorry. –Nei, ein kan ikkje få alt ein vil her i verden heller… – 76 kroner blir det. – 76 kroner?! For TO markørtusjar? (Tiril kjem inn på butikken) – Tiril, eg må betale SYTTISEKS kroner for TO markørtusjar!! Ekspeditøren ser på meg med medkjensle og spør om eg kanskje vil ha ein pose. – Nei, takk, eg trur eg klarar meg. Han smiler og antar at eg ikkje vil ha kvitteringa heller. Eg svarar at nei, den kan han berre kaste, for å ha ei kvittering som minner meg på at eg har betalt syttiseks kroner for to markørtusjar er berre sjølvpining. Han viste medkjensle og håpte at vi fekk ein fin dag, trass dei store utgiftene. For eit paradoks!! Tenk at to markørtusjar tilsvarar to middagar for ein student. Er det mogleg!?

Scenario 2: Telefonen ringjer og ettersom eg har teke den, og vedkommande har snakka ustoppeleg i kanskje 3 minutt utan at eg har kome til ordet, og avsluttar setninga med «så håper jeg da at det er greit at du tar i mot den fakturaen og betaler de 396 kronene».  – Nei, beklager sa eg, eg har ikkje pengar akkurat no. – Det handler faktisk om de i Gaza! sa fyren med ei krass stemme. –Ja, eg er klar over det, men eg har framleis ikkje pengar. Beklager, prøvde eg å seie med ei «eg er lei for det»-stemme. –DET HANDLER FAKTISK OM Å REDDE LIV HER!!! lekserte han. DJISES! Skal han insinuere at eg er ein kynisk jævel som gir faen i at det dør sivile i Gaza så kan han faktisk dra til helvete. Han skulle fått 396 kroner. I kronestykker, som eg kunne dengt han i trynet med. Nei, fy flate. Eg hadde gjerne ville hjulpe, men når «selgarane» eller kva ein skal kalle dei, oppfører seg slik, då må dei jammen tenkje seg om to gonger. Det handlar faktisk om død og liv, JA, men å oppføre seg som ein treåring i ein slik situasjon er heller latterlig. Vart litt provosert ja. Men men. Heldigvis laga Tiril nydelig potetstappe etterpå. Som vi åt saman med pølser og Idun ketchup. Også såg vi ein sær, sær film: «Snakk til henne». Spansk ein. Sær.

Ellers har eg nettopp vore på kaffibrenneriet med Tiril og drukke kaffi for å få ein mjuk start på dagen. No skal eg grave meg ned i mediehistorie, og kose meg med dei 8 epokane. Legg ved litt bilder frå livet mitt no for de som ikkje har sett meg på lenge og saknar meg djupt inne i hjarterota. 😉  Og Hans Ulrik er jo alltid ei oppmuntring!

Vi har ikkje tv heime, men på Oxigeno kan Christopher få med seg «Skaparen» 🙂img_9893

Lisa Mari, Christopher og Tiril 🙂

img_99051

«Onkel» Christopher 🙂

img_9913

Godtfolk på tur!

img_99161

SJARMØREN

hansulrik1

Advertisements

8 responses to “Studentrabatt? PLEASE!!

    • ja, ikkje sant? 😉 Hehe!
      Nei, og det er supert der!! I fucking love it. Går dit kvar dag!! Der er så masse kjekt å vere med på! 😀

  1. Eg savna Birgit sitt rare liv 🙂
    Er så kjekt å lese om alle dei sprø tinga du har føre deg 🙂
    hihih 🙂
    Ha en fin dag med eksamenlesing og trening 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s