Har du nokon gong sett ender sove?

elvaI går var ein fantastisk deilig fredag. Eg sov til eg vakna opp i vinterland, var på skulen og signerte gjeldsbrevet der eg fekk dumle-godis som plaster på såret, traska i gatene med Tiril, henta skinnjakka mi som endelig var ferdig på reperasjon, var på Aeorbic på Oxigeno, laga Bali-gryte hos Stig og Lisa-Mari, drakk raudvin og såg på Casino Royale. Fantastisk deilig. Eksamensveka var endeleg over, og avslapping var stikkord nummer ein. No worries. Etter å ha kosa og logra masse med halen hos Stig og Lisa-Mari var det dags for å gå heim. Klokka var vel kanskje halv to på natta eller noko slikt, og det var veldig stille til å vere fredag. Det var kvitt over alt og snøen dempa alle lydane, bortsett frå Led Zeppelin, «you shook me» som kom frå iPod. Eg tenkte skikkelig godt på kor mykje eg faktisk likar å bu i Oslo, og eg er nesten sikker på at «eg elskar å bu i Oslo»-tanken streifa meg opptil fleire gonger. Eg var lykkeleg. Utan tvil.

Då eg kom bort til brua i Cuba-parken fekk eg sjå noko av det vakraste eg nokon gong har sett. Eller så var det berre eit magisk augeblikk. Langs elva låg det fleire hundre ender oppå isen og sov. Alle låg heilt i ro, nesten i akkurat same stillinga heile gjengen. Eg har aldri sett noko så fredfullt i heile mitt liv. Bergteken vart eg. Vart ståande og betrakte dei i kanskje 20 minutt, om ikkje meir. Det såg ut som om alle hadde bestemt seg på same tid for at no, no var det på tide å ta kvelden. Også hadde dei lagt seg ned, og ønskt kvarandre god natt, og deretter fallt i den djupaste søvnen, som dei berre kan få på vintertid, når det er mørkt ute og det berre er tredet ved brua som lyser opp. Det såg ut som om alle endene hadde den same fine draumen, om livet i Akerselva når sola står opp – og alle dei koselege menneska som kjem for å mate dei. Nei, guri land så vakkert det var. Magi kanskje.

Advertisements

3 responses to “Har du nokon gong sett ender sove?

  1. @Mari: Ja, det er jo heilt sant! har du sett gaupe og elg i hagen!?!?

    @Henriette: Ja, Oslo er absolutt å anbefale. Koselig!! Herlig, herlig by… 🙂 (sjølv om det ikkje er den vakraste fins det jammen nok av gøyte skattar rundt om kring:) )

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s