Kryss fingrane for meg, ver så snill?

No har eg levd livet. Så altfor lenge. Og kjendt på det å vere blakk. Så altfor lenge. Eg har søkt på fleirfoldige jobbar, men prosessen går så vanvittig sakte… Er det mogleg? Men heldigvis, no har Thomas, kjærasten til Therese, tipsa meg om ein som trengte nokon til å arbeide i ein skobutikk. I morgon går eg dit, og skal gjere det eg kan best: vere blid. Det er visst det som skal til for å kunne få jobben (hehe)… Eg set fryktelig stor pris på om alle de der ute kryssa fingrane for meg. Eg TRENG verkeleg ein jobb!!

fingerscrossed

Ellers går livet i sus og dus. Hagen er på besøk og eg har aldri sove så godt som når ho ligge ved mi side… Herlig. På tysdag var vi på Oxigeno og hadde ei økt med «bootcamp» og i skrivande stund verker det så sinnsjukt i lår og rompe at eg trur det har skjedd noko unormalt med meg. Fytti. Stivare nektar eg å tru at andre har vore nokon gong.

Skulen har starta igjen, noko som er heilt ok. Kosleg å sjå alle igjen, og ikkje minst kosleg å vite at vi får ein samfunnsengasjert Finn Arne (eller Arne Finn?) som skal undervise oss i foto. Det gler eg meg til. Men tungt er det! Onsdag var eg utfor ei massiv forsoving som innebar i å tru at eg gjekk på skulen, hadde undervisning og skrudda av alarmen på mobilen fordi den «forstyrra» undervisninga. Sweet. Eg vakna ein halv time før siste forelesninga var slutt. I dag sovna eg opptil fleire gonger. Har nok blitt for intim med sjølvaste Jon Blund, må nok på J.B-avvenning før neste veke gitt – om eg skal ta semesteret SERIOUSLY. Kan ikkje rote rundt med Jon Blund på den måten der. Det høve seg rett og slett ikkje.

På onsdag kom Tiril og Ida på besøk. Vi kosa oss med rummy og åt bagels a’la dei som Stryn Vertshus opererte med i storheitstida… 🙂 Nam, nam. Akkurat no er det ro og fred i heimen. Christopher les bok, Christine burde ha skrive oppgåve, men eg veddar på at det er facebook som er hovudaktiviteteten i andre enden av sofaen. Sigur Ros er på anlegget. I morgon startar ein ny dag med mykje glede på programet. Og ikkje minst spenning (klarar eg å sjarmere meg til ein jobb??)! Jannike kjem, Mari kjem, Ina-Mari kjem. Jon Kåre kjem. Stein Inge kjem. Taco, bowling og kos. Også skal vi på Ikea tidleg på dag og handle inn stolar til den store festen vi skal ha på laurdag. Det blir stas.

Kryss fingrane for meg no du, er du snill….!? 🙂

På forhand tusen takk.

Advertisements

4 responses to “Kryss fingrane for meg, ver så snill?

  1. Eg kryssa fingrane for deg:) Ein jobb er nemlig svært greitt å ha. (Sjølv om det gjerne innebære klaging og syting der og då..)

    Imåra, Birgit. Imåra..:)

    Ps! Skal vi drikke vin imåra? Attåt tacoen altså? Ser fram til positivt svar:p

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s