Oasis med ein touch av Beatles

birgit

Etter ei langhelg utan like med gode venner, latter og glede og alle andre sånne klisjé-ting, så hadde eg rett og slett logra så masse med halen at eg ikkje fekk tenkt meg om. Anne Mari spurde om eg ville vere med på finne på noko på tysdagen, og eg visste at noke stod på dagsorden den dagen, men var ikkje heilt sikker på kva.

oasis1

Men eg kom på det til slutt. OASIS!! 4. november kjøpte eg billetten, og tenkte at oh my god kor lenge det er til 27. januar!! Men plutseleg var dagen der. Og vi stod spent i spektrum og lurte på kven som skulle vere oppvarmingsband. Stig fekk seg ei pølse i lompe og før vi fekk diskutert ferdig om vi skulle kjøpe konsert-øl eller ikkje, så kom det ein gjeng med svartkledde karar på scena. Ehh…?! Begynde dei no!? Heilt utan forvarsel?!

Eg følte meg nesten litt lurt. Eller snurt. Fordi dagen hadde komt så brått på, og eg hadde ikkje hatt tid til å glede meg. Og eg ville helst benytte tida oppvarmingsbandet skulle spele på til å gjere nettopp det. Men desto betre. Eg fekk konserten som eit slag rett i hjarterota. Heilt utan forvarsel.

Sjølv om han aldri smilte var eg fornøgd til tusen. «You are the youngest crowd we’ve ever played for. Seriously, are you on a school trip?» «Does ANYONE got any cannabis?!» «Are all of you from the same school, or what?!stig

Dei spelte alle dei gode gamle låtane. Starta med «Rock n» Roll Star», og Stig bekrefta at dei var no det, rock og roll-stjerner. Og vi såg dei. Sjølv om det veksla på høge og mellomhøge publikum som stod foran oss. Starten på «wonderwall» vart spelt to gonger til og med. Og det var herleg. «Don’t look back in anger» også. Og «Champagne Supernova». Stig fekk full valuta av konserten. Dei spelte to av dei to låtane han hadde komt dit for å høyre. 100%.

Stemma mi høyrtes visst ut som ein fugl som holdt på å dø. Men det gjorde ingen ting. Eg jubla her og der, rett frå magen – totalt uavhengig av å tenke. Og det kjentes bra. Dei spelte mange låtar frå det nye albumet, og det var ein veldig ok måte å høyre dei for første gong på. Eg kan anbefale det. Å ikkje høyre dei nye platene, men gå på konsert og høyre dei der først. Med mindre du har behov for å synge med på kvar einaste låt då.

Eg hadde på meg Beatles t-skjorte. Siste låta dei spelte før dei takka for seg var Beatles. Og eg trudde eg skulle dø. Dei spelte ein av mine favoritt-Beatles-låtar. «I am the walrus». Det var nesten sånn at det «toppa heile driden». Og eg var overlykkelig over at når dei først spelte ei Beatles-låt, så spelte dei ein av dei kulaste. Coocoocoochouuuh!!

Lykkelig var eg nok ein gong då eg skulle legge meg. Sjølv om rommet mitt no var tomt, og eg ikkje hadde fire, tre eller to kjære ved mi side. Eg var sikker på ein ting. No skal eg i alle fall forte meg å glede meg til dei andre konsertane som står for tur. Eg begynde NO.

oasis

Advertisements

6 responses to “Oasis med ein touch av Beatles

  1. Ein vakker dag:) Det var veldig kos. Hehe… Og dei er jo heltar frå barndommen så det var jo ekstra stas 🙂 hehe!

  2. eg trengte eit lite avbrekk, her eg sitte og lese som den flittige studenten eg er. eg har akkurat innsett at eg atter ein gang er blakk, men synst livet er uforskamma fint likevel. eg tenkte at eg trengte litt underholdning, eg som skal sitte til seint på kveld på lesesalen, og kem ekje morsomare enn deg birgit?
    sjøl om det ikkje va dagens vits eg fekk kose meg med, tar eg meg no i å glise så munnsåret sprekke av å tenke tilbake på konserten.
    du beskreiv den akkurat så magisk som den va 🙂

  3. forresten vil eg meddele at eg synst smilefjesa berre e skumle her, ikkje litt koselige eller lystige eller andre positive adjektiv. 🙂 så det så

  4. Nåååh, du er så god, Tiril 🙂 Så bra at eg klarte å beskrive den akkurat like magisk som den var! No vart eg happy!!

    Du har heilt rett, dissa smilefjesa ser skikkelig nasty ut. Utspekulerte og skumle! Kunne ønske eg kunne lage mine eigne smilefjes her inne, og praktisert real glade smilefjes!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s