Dagen utvikla seg

Dagen utvikla seg frå å vere maks kopings til å bli LITT irriterande. No skal ikkje eg benytte denne sjølvtildelte spalteplassen på syting MEN… I dag tidleg, før eg for på skulen, tidleg ergo halv tolv, ringte ei dame frå Telenor. Ja, ho lurte på korleis det gjekk med abbonementet mitt, og om eg var førnøgd. Ærlig som eg er sa eg at nei, det var eit skikkelig kjipt abbonement og eg syns det var uhorveleg (eventuelt jævlig, fyll inn det som passar) dyrt. Ho insisterte på at eg hadde det billigaste abbonementet på markedet, Telenor sitt, vel å merke – og at sidan eg var slik ein trufast kunde hos dei ville dei sette stor pris på meg ved å tilby ein telefon til berre TUSEN kroner. Mhm. Nei, tusen takk. Eg har ein frå 2005 som fungerer betre enn nokon gong (no har den begynt å virke igjen, og eg er HAPPY!!) Nei, nei. Det var for så vidt greit. Men ho håpte inderlig at eg kosa meg med Telenor, og at eg ikkje syntest det var så altfor dyrt – og at eg fortsatt ville vere kunden deira. Jaudå. Vi sa ha det bra og la på.

Fire telefonselgarar ringte meg same dagen. Hurra. Fire. Berre fire. Og eg og Christopher som har gjort vår innsats på Brønnøysundregisteret. Kun fire. Feitt. LITT småfurt. Eller veldig småfurt. Ein er ok. Men ikkje fire. FURT!!

På bussen heim frå skulen skubba ei dame til meg, på ein skikkelig stygg og frekk måte. Sånn derre kom-deg-vekk-di-forbanna-(stygt ord)-måte. Eg var på veg ut av bussen, og ho skubba på. Steike! Eg vart så sur at eg viste finger etter ho, sjølv om ho ikkje såg det. Og eg gjorde det heilt automatisk, utan å tenke meg om – og blei skikkelig, skikkelig flau etterpå. Birgit, du står ikkje her, på Stortorget og vise finger fordi nokon skubba deg på bussen? he he he… Passe flaut.

Eg prøvde uansett å sende melding til Danielle og May Britt i klassen, for å forsikre meg at dei hadde sett kva som skjedde – og at det ikkje var noko eg innbilte meg. Men det gjekk ikkje. Jaha, det var rart. Men ikkje så uvanleg. Så prøvde eg å ringe til Christopher for å klage min nød, og høyre om han var heime så eg kunne få litt trøst. «Din telefon er sperret for utgående samtaler på grunn av ubetalte regninger.» Fyyyy flate. Eg har betalt ALLE rekningane som har komt i posten. Og Telenor ringte meg same dag og takka for at eg var slik ein trufast kunde. Også sperra dei den!?

Advertisements

7 responses to “Dagen utvikla seg

  1. Telehor e satan. Ei jul sendte dem ei pepperkakeform til pappa med et signert bilde av en kundebehandlar med spørsmål om han ikkje ville bli kunde igjen..nemlig teleHOR!

  2. HAHAHA
    birgit du har sjøl vore tlf selgar:P
    og du tente faktisk ganske masse penga på deg og! hihihiiii
    sånn som skjer når skjebnens ironi kjem og bit deg i ræva.
    sit skjegget fast i postkassa no?

  3. Du må sende dei ein sint mal og klage over at dei ikkje har gjort ein god jobb, at du kkje er fornøgd,ogvrderaå seie opp. Det gjorde med nettet mitt. og det enda med at dei 300 kronene æi sikkert skulda dei vartbytta ut med 1000 kr. til gode i framtidige rekninga 😉

  4. @ElMona: det var rimelig smooth av telenor.. Heheh pepperkakeform! Håpa dei finne på noke betre om dei skal gjere det same med meg!

    @Henriette: noken kjeme dei vel gjennom til, hadde dei komt til meg no hadde eg sikkert takka ja i protest! 😛

    @Jannik: haha, karma du tenke på eller? Skjegget sit heilt OK fast. Men eg var heldig som telefonselger. Eg ser på meg som den første som ringte på dagen, sjølv om du påpeika at eg ikkje kan vere sikker. Men noko må jo ha stått for innteninga:P Ok, skjegget sit veldig fast.

  5. Satse på det! Æi fikk 1000 kr. satt inn på konto her om dagen frå Telenor. Berre kjipt æi ikkje merka det før æi hadde brukt dei opp :/ hehe.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s