Dei beste konsertane så langt…

kissChristopher fekk spørsmålet i går om kva konsertar som var av dei beste han hadde vore på. Det fekk meg til å tenkje. Han svarte blandt anna Sigur Ros på Øya (noko eg så gjerne skulle ha sett) og Bloc Party på Island. Eg kom til å tenkje på dette, om eg skulle valgt ut fem konsertminner – kven ville ha blitt topp fem? Eg har valt ut fem. Som er på TOPPEN.


motorheadMotorhead…

…i Rio De Janeiro, mai 2006. Hagen og eg avslutta vår to månadar lange reise i Mellom-og Sør-Amerika med eit par veker i Brasil. Vi budde på eit kult hostell i favelaen i Rio. Han som dreiv hostellet, Matias, tipsa oss om at Motorhead skulle ha konsert, og om vi ville kunne vi vere med. Sjølvsagt ville vi det! Hagen hadde ikkje høyrt dei før, bortsett frå Ace of Spades, og visste ikkje heilt om ho skulle glede seg eller ikkje. Eg visste det var kul musikk og at ho kunne like det, men VELDIG usikker på kva vi kunne forvente. Gjengen vi var med kunne definere crazyness, og brasilianera var ikkje akkurat kjendt for å vere rolege folk i konsertsamanheng. Då vi kom inn var det action. Dei rocka. Og rocka. Og rocka. Og publikum sloss. Dei sloss seg til blods. Av 7000 tilskodarar, var kanskje 6500 i slosskamp.  Framfor scena var det eit uendeleg kaos av mennesker som banka kvarandre, og Motorhead lot seg underholde. Det gjorde for så vidt vi også. Men så skjedde det noko magisk. Lucas Fox køyrte i gong ein heidundrandes trommesolo. Samtlege slosskjempar stoppa opp og retta blikket mot scena. Samtlege i salen gapa. Christine og eg såg på kvarandre og kunne ikkje la vere å gape vi heller. Den var rett og slett heilt rå. Sjølv om karane var gamle, var det jammen futt i Rio De Janeiro den natta. Og avslutninga, Ace of Spades, løfta taket. Komisk var det jo også, at etter konserten måtte vi innom legevakta for å hente ein av dei vi reiste dit med. Også åt vi popcorn.

Roger Waters…

…performing Dark side of the moon, Roskilde 2006. Dette var avslutninga på Roskilde 2006. Ei fantastisk veke med urinstøv og Jannike, og ikkje minst mange, mange, MANGE herlege konsertar. Ei betre avslutning kunne vi neppe ha bedt om. Eg kan ikkje beskrive den. Men den fekk meg til å ringe pappa under heile «Wish you were here». Og tårene trilla på begge to.  Og muligens på dei 70.000 andre som var der også. Konserten kan beskrivast med nokon stikkord, det blir for tamt å prøve å gjenfortelle. Fantastisk. Rørande. Eksepsjonelt. Once in a life time experience. Gledesrus. Gripande. Vi kunne ikkje ha vore meir fornøgde etter ein travel, men super festival, då vi sette oss i bussen for å køyre i 26 timar heim til Stryn.

Tom McRae…

…på Ole Bulls scene i Bergen hausten 2007. Jannike var min ledsager. Vi tok ein snack på McDonalds før kvelden kom. Kjøpte oss nokon øl når vi kom fram og sat oss ned og venta i spenning. Når mannen sjølv kom på scena var det som om heile salen vart fylt med kjærleik, magi og dei venaste tonar. Det var så vakkert at det var som eit slag i trynet. Du veit den følelsen du får når du rett og slett blir eksponert for noko som er så rørande at du smiler og grin på same tid? Sånn var det. Stort sett heile konserten. Med Jannike ved mi side kunne eg ikkje hatt nokon betre å dele den gleda med. Konserten var rett og slett magisk. Tom McRae var fantastisk. Ubeskriveleg. Eg får gåsehud når eg tenkjer tilbake på det.

Basement Jaxx…

…på Roskilde 2007. Roskilde 2007 var fantastisk. Alle konsertane var heilt konge, bortsett frå Red Hot Chili Peppers som var så dårleg at det ikkje var sjans i havet at eg orka å høyre ferdig. Men Basement Jaxx var den sjukaste konserten nokon gong. Den tok rett og slett fullstendig av. Og etter ei veke med gjørme, augebetennelse og urinvegsinfeksjon var det som om alle bekymringar forsvann under konserten. Sjølv om eg fekk ei melding med Heidi under dei første låtane der det stod «teltet vårt har kollapsa» og klokka var midnatt, så smilte eg frå øyre til øyre. Eg hadde mista alle dei eg hang med, visste ikkje kvar nokon var – men ein ting var sikkert og visst. Basement Jaxx fekk meg til å hoppe opp og ned av glede, og hyle og synge, juble og klappe som om det var det siste eg skulle ha gjørt før eg gjekk av dage. På slutten av konserten dukka Eirik opp (som vi delte camp med), og vi klemte kvarandre medan vi var verdas lukkelege mennesker. Basement Jaxx toppa heile driden. HEILE DRIDEN!! basementjaxx

The Presets…

…på Parkteateret i haust. The Presets var i 2008 for meg det som gav meg størst inntrykk musikalsk sett. Ina-Mari og eg i campervanen, køyrte rundt på highwayen i mars – og plutseleg kom den kulaste låta eg nokon gong hadde høyrt. «Shut down by my people». Den var rett og slett så kul at sjåføren vart ein trussel for trafikken fordi kroppen rett og slett ikkje kunne la vere å danse. Det var heilt sjukt. Vi høyrte den eit par gonger, og fekk aldri med oss kven det var som var rota til denne galskapen. Og det plaga oss. Vi huska berre «du du du du du», og dansen vi laga når vi høyrde rytmene. Det var først i sommarferien ein kar frå New Zealand kunne meddele at det var the Presets som var mennene bak. Veka etter fann eg ut at dei skulle spele på Parkteateret. Eg var flytta til Oslo, hadde godt selskap i Hagen og Christopher, og Gilbert og Thomas stakk innom også. Det var konsert-øl og smil frå øyre til øyre. Eg kan ikkje hugse å ha  stått i ro i eit sekund under konserten. Birgit var snudd om til danse-til-du-dør-Birgit. Dei leverte. Og eg hadde store forventnignar til karane, og dei toppa dei. Utruleg! På Dandy Warhols-konserten tidlegare den hausten, spelte dei til og med i skiftet mellom oppvarmingsbandet og DW «Are you the one», noko som i alle fall trigga gledinga mi noko usedvanleg. Eg hadde gleda meg konstant sidan eg kjøpte billettane. Og eg var lykkeleg. Og det var dans. Og mange ukjende som tok armane rundt skuldrane mine i gledesdans for at vi alle der var vitne til den heilt sjuke konserten. HERLEG!!


…men så kom eg fram til at eg kunne ikkje berre lande på fem stk. Kva med Arctic Monkeys på Roskilde i 2007? The streets same året? Kva med Justice-konserten på Betong, eller på Roskilde? The Raconteurs? Muse? Oasis? Kva med Dandy Warhols på Rockefeller i august?! Og Kiss i Bergen juni i 2008? Nei, det har vore så sjukt mykje bra opp gjennom åra. Og meir skal det bli!!dandywarhols

Dandy Warhols, Oslo, 2008

Kiss, Bergen,  2008kiss2

Kva er di beste konsertoppleving?

Advertisements

6 responses to “Dei beste konsertane så langt…

  1. Ja, du har hatt mange flotte opplevingar og difor ikkje så rart om du ikkje tok med Leonard Cohen. Men det var og ein vidunderleg konsert og i tillegg til flott musikk og ein magisk kveld, var du ein del av opplevings, meiner mora di

  2. radiohead på roskilde, kings of leon på roskilde, oasis på city of manchester stadium, sigur ros på roskilde og på øya, sonic youth på øya, bob hund på roskilde, min første bigbang konsert på hulen. sukk det er så mange. hata å måtte ramse opp topp fem, det går jo ikkje!

    • I know, hard times… Åh, eg kunne ønske eg fekk oppleve Sigur Ros! Skulle på dei på Roskilde i 2006, men ana ikkje kva som skjedde!? :p Og Radiohead også, tenk å gå glipp av InRainbows-konsert. Sukk 😦

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s