Dagens album: Beck – Midnite Vultures

beckmidnitevulturesArtisten er Beck, albumet er Midnite Vultures. Den fjerde plata. Året var 1999, og det er framleis ei av dei platene eg kan spele om att og om att utan å bli lei. Eg hugsar då eg var 12 år, og det var jul. Min kjære bror Tormod som då var 17 år, hadde fått plata til jul, og han spelte den seint på julekvelden. Memoriaret er som om det skulle ha vore i går. Han, eg og mormor var nede på rommet hans og digga. Mormor dansa. Eg dansa. Og hugsar eg ikkje feil, så dansa Tormod også. Til Sexx Laws. Den første, og mest funky låta på albumet. Den svingar såpass at du skal vere bra god for å unngå å lette på rockefoten. Det er snakk om blåserekker og banjosolo! Refrenget har du lyst til å synge halsen sår etter! (I want to defyyyy the logic of all sex laws, let the handcuffs slip off your wrists, I’ll let you be my chaperone…At the halfway home…I’m a full grown man, but Im not afraid to cryyyyy) Ein betre start på eit funky album skal du leite lenge etter.

Når det kjem til låtane er tekstane herlege!  «I’ll feed you fruit that don’t exist – I’ll leave graffiti where you’ve never been kissed – I’ll do your laundry – Massage your soul – I’ll turn you over to the highway patrol», frå låt nummer to på albumet, Nicotine and Gravy. Denne låta må du tenke deg litt om, om du skal høyre den på bussen. Den gir deg attitude så det helde. Du får lyst til å sitte å nikke med hovudet, lage kule blikk og smådigge jamt og trutt før Mixed Bizness står for tur og du nok ein gong vil synge med. Get real paid er så kul at du vil køyre rundt i ein bil med solbriller på, stoppe opp ved sidan av kven det måtte vere for å tøffe deg litt, og deretter gasse vidare i solsteiken. Funky bass som kan minne ein smule om Seinfeild, og ellers morsomme funky rytmer av tv-spel-sjangeren av typen Space. Holly Wood Freaks er type rap med kule rim som illustrerar Hollywoodlivet. Yo!

Milk & Honey er nok den låta som skiller seg ut. Og høyrer du den fleire gonger kan du komme i skade for å bli verkeleg imponert over kor kult musikk kan bli, med kombinasjonar av fengande rytmer, catchy phrases og herleg vokal samt refreng som du nok ein gong vil synge med på. Med ei roleg låt på spelelista ligg også Beautiful Way som er chill. Veldig chill. Ligg i senga, ha musikken høgt på. Den vugga deg. Ikkje i søvn vel å merke. Siste låta, Debra, som rundar av den herlege, kreative galskapen med vers som «Cause only you got a thing, that I just got to get with. Got to get with. I just got to get with you girl! I wanna get with you (Only you Girl) , and your sister, I think her name is Debra…»

Frå meg får denne plata terningkast terningkast_6!

Godt og blanda. Og eg blir aldri lei. Det har ikkje skjedd. På ti år.

Har du ikkje høyrt den, please DO IT! …og la meg få vite kva du syns!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s