Min første kjærlighet

my_beloved_by_shoopsHer om dagen var eg på eit jobbintervju i ein skobutikk. Det var ei artig oppleving, og mykje latter. Men så fekk eg to spørsmål. Svaret mitt var på det eine; Nei, alså, eg er ikkje noko særlig glad i å shoppe alså. Det må i så fall gå kjapt. Maks to timar! Eg er ikkje heilt den typen menneske. Og dei blei litt paff. Eg burde kanskje selgt meg litt betre på det feltet, men å lyge, det gidde eg ikkje. Også fekk eg jo sjølvsagt domsspørsmålet. Er du glad i sko? Nei, men eg er glad i skoa. Eg knytter meg til eit par sko, og er så inderleg glad i dei at det nesten er litt på kanten. Eg svarte ikkje. Berre smilte. Også tenkte eg først på dei femten para med sko som eg absolutt ikkje hadde noko forhold til i Australia, som hadde ein tendens til å aldri bli med meg heim til campervanen. Og av og til var det berre éin sko som rakk å bli med heim. Også kom eg til å tenke på Lee-skoa mine. Dei trufaste skoa som eg fekk pengar med av pappa til å kjøpe sommaren til 1. klasse på vidaregåande. Dei som såg ut som lefser når vi var komne til 2008. Kvar gong eg var ein smule nedfor, var det berre å sjå ned på bakken, og der stod dei og smilte til meg – som om ingen ting skulle vere å bekymre seg over. Dei var der for meg, gjennom tjukt og tynt. Og spreidde godt humør og kjærleik. Om ikkje nokon har kasta dei, så er dei heime på Nedreberg endå. Heidi tvinga meg til å kaste dei då vi budde i Loen, men eg berre lata som. Eg hadde ikkje hjerte til å kaste dei. No er det vel dei raude converse-skoa som eg set høgst i rangsstigen av skoa mine. Men Lee-skoa kan dei aldri bli. Kunne ønske dei aldri vart gamle, eller slitne. Forever young!

Har du/har hatt eit slikt forhold til nokon av dine sko?

Advertisements

9 responses to “Min første kjærlighet

  1. Haha… Av en eller anna merkeli grunn kan i huske alle skoa i har hatt sida barneskulen.. Å ja, i har hatt ETT par fantastiske sko som i fortsatt går med på skolen av og til..dem he fulstendig herpa. men dem va dem mest perfekte skoa ever…

  2. Eg har eit par grønne og lilla DC-sko, som eg syns er så fantastisk vakre å sjå på, at eg ikkje har hjerte til å kaste dei.

    (Sjølv om dei er over ein størrelse for små, og eit sant helvete å gå med.)

  3. Hehhehee… Då er det snakk om kjærleik om du ikkje kastar dei sjølv om dei er ufyselige å gå med! Stå på, Mari! 🙂 Det er slik det skal vere.

  4. Nei, det tvila eg på at eg har! Dei må ligge i Stryn ein stad. 🙂 Det er jo som du seier, dei er Birgit! Hehe…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s