Pakke i posten

pakkeI dag skjedde det noko fint.  Det var pakke i posten. Ein heilt uventa pakke. Eg var skikkelig spent når eg skulle åpne den opp, for det var nokon småting oppi som rasla litt når eg rista på den, og noko som var ca. A4, men hardt. Eg tenkte at det kanskje var Telenor som sendte noko for å behalde meg som kunde, men då hadde dei nok sendt sakene i ein telenor-konvolutt. Eller Sørlandschipsfolka som sendte meg ei godgjering for paprikachipsen som ikkje smakte så mykje? Men nei. Eg smilte frå øyre til øyre når eg åpna den opp. Sandal tulla ikkje då han sa han hadde laga ein kalendar til meg også! Og her var den, på rommet mitt. I glossy papir. For ei overrasking!! Og trur ikkje dåkke godguten hadde lagt ved ei knippe med Norgesvinduet drops også? Hurra!! 🙂  Denne formiddagen som egentleg skulle vere eit mareritt av leksegjering og lesing, har no forvandla seg til ein fest av ein formiddag. Tusen takk, Stian! You made my day. Berre litt synd vi er i februar, så mitt favorittbilete i kalendaren ikkje får kome opp på veggen. Postar det her i staden for, så kan dåkke kose dåkke med litt eye-candy. Det kan det vel ikkje bli for mykje av? 😉

januar Skulle vel glatt fått tittel for Lano-eit-eller-anna, eller hur? Her er Sandal nyvaska for eit nytt år med nye muligheter… 🙂

september Herlege bileter! Og for ei utsikt, hæ?! Sandal i september.

Og til slutt…Sandal i november. Definisjonen på hunk. november

Rimeleg kjekt å ha på veggen alså! No har eg dei to beste kalendarane i verda på rommet mitt. Tusen, tusen takk Stian!! Kanskje Gavin skulle fått ein også, han hadde sikkert blitt glad, men garantert ikkje like glad som meg!  Rekk opp handa alle som er misunnelige!! 😛

Ellers så kom det eit fint brev frå Telenor som eg åpna til slutt. INKASSOVARSEL. Feitt. Då eg hadde rett når eg snakka med dei på tysdag, eg hadde ikkje fått nokon varsel av stenging av abbonementet. Dama insisterte på at eg i alle fall hadde fått inkassovarsel i posten for LENGE sidan.. Definer lenge sidan då, b i a t c h. Vil det seie i FRAMTIDA?

Advertisements

7 responses to “Pakke i posten

  1. Ja, alltid kjekt med eyecandy! 🙂
    Eksakt kopi kan eg ikkje garantere, men kan hende vi kan produsere ein eigen kalendar her i garden, hehe… Christopher stiller sikkert opp om eg ber han ekstra fint etter eit par øl 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s