Ymse og han med den grøne jakka

No har det gått litt over ei veke sidan Christopher reiste. Tida har gått uhorveleg fort og eg har rett og slett ikkje fått tid til å sakne han noko særlig. Sjølv om det dog hadde vore veeeldig fint om han hadde vore her. Barbara, ei tysk jente som har praksis på universitetet i Oslo har flytta inn på rommet til Christopher. Og det er jo godt å ha ei jente i hus! 🙂  Eg har fått meg ny jobb på Narvesen, der det er veldig mange Oslo-losar innom, og gamle koselege damer. I starten var eg skikkelig dårleg på å lage til pølser, pølsebrøda ville ikkje åpne seg opp! Men eg har blitt betre til det no i seinare tid. Ja, også har eg fått trent mykje på Oxigeno, og eg er framleis ikkje lei! Torsdag hadde Stig og eg supersøndag med film og godis. Veeeldig koselig! Fredag var det klubbemiddag hos Åse Maria og Tormod, og Hans Ulrik fekk oss til å le ein heil del. I alle fall då han måtte drikke surmelk, og det var tydeleg at det absolutt ikkje smakte noko godt.

På laurdag var vi i bursdagselskap hos Therese, som akkurat hadde fylt 22 år (gratulerer med overstått!). Det var veldig trivelig. Seinare på kvelden for Anne Mari, Vegar, Barbara, Bharat og eg til løkka for å gå ut. Det var fullt over alt, så vi enda opp på eit bord på Baldooria, noko som viste seg å vere ein ok stad å gå ut på. Utpå kvelden kom eg i snakk med nokon karar på nabobordet, og diskusjonen var heftig. Kva er den beste leiken/leika, som du kan få kjøpt, som er oppfunnen dei siste 20 åra? var emnet. Ingen av oss kom fram til ein god nok konklusjon, men han eine, som først var veldig søt og hadde på seg ei kul, grønn jakke, men som fort vart veldig full insisterte på at sandwich var den beste leiken. Til slutt vart han så full og ein så motbydeleg at eg trekte meg lett tilbake til dei andre. Han i den grønne jakka vart sittande ei god stund med dei andre, men vel å merke med hovudet mot oss. Når det var tydeleg at det var den siste øla han hadde konsumert, kom han bort til oss, og kviskra meg inn i øyret; «Jeg må hjem og spille ludo nå. Vil du vere med?» Eg måtte le og spørre kor full han egentlig var. Han vart furt og gjekk.

Dagen etterpå var eg på plass bak kassa på Narvesen. Litt ut på dagen kom han i den grønne jakka og valsa litt ubesluttsomt i butikken. Han var ikkje i noko særlig god form. Han såg på meg, og eg sa hei du! Så stoppa han opp. Og såg på meg igjen. Også visste han at han hadde sett meg før ein eller annan plass, men kunne ikkje hugse kvar eller kva tid. Også vart fargen i andletet hans lik faren på jakka. Også sperra han opp augene, snudde seg om og gjekk. Han vart antaklegvis slått i trynet med ein av dei verste fylleangstane på lenge.

Birgit og Barbara

bb

The three s: Barbara, Birgit og Bharat på Baldooria.

bbb

Advertisements

5 responses to “Ymse og han med den grøne jakka

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s