Til deg som har lyst til å smile, men ikkje får det heilt til

alpaka1

alpakka2

alpaka2

Jon Blund kom i dag, på eit heilt ugunstig tidspunkt. Klokka 15:00 storma han inn døra. Og vart verande til klokka var kvart på sju. Eg hadde gått glipp av treninga eg hadde meldt meg på, og vart ein smule furt. For eg var enno trøytt. Og eksamen skulle eg ha lest til desse timane. I FIRE timar drøymde eg at eg var hos Stig, på sofaen og såg på film. Det var ein uendeleg lang film, og eg syntest det var drøyt at den skulle vare i over tre timar. Men så viste det seg jo at det var ein draum, heldigvis. Ellers ville det ha vore ein skikkeleg dårleg film. Furt som eg var på grunn av manglande eksamenslesing og trening, for eg avgarde til Oxigeno for å rekke ein spinningtime. Eg kom forseint. Og måtte vere med på Step/Styrke. Fy flate. Det var eit helvete. Eg begynte nesten å grine når vi var ferdige, eg var SÅ sliten i armane, og svimmel av all fram-og-tilbake, opp-og-ned-hoppinga, og kunne ønskje eg berre låg i senga mi. Men så kom eg meg i badstova, og låg der medan eg flørta med Jon Blund i 20 minutt, tok meg ein lang dusj og traska heim, gjennom Cuba-parken. Fine parken. No har isen lagt seg over elva, og endene kosar seg. Og i dag høyrde eg dei snakke for første gong på lenge. Trur dei hadde kaffeslabberas(!?), for den eine anda sa «takk-takk-takk-takk», som om nokon heldte kaffi oppi koppen hans. Anyway. Eg var framleis furt, heilt til eg gjekk gjennom bileta mine på facebook. Der dukka desse alpakkane opp, og eg tenkte med meg sjølv at du store alpakka, desse får meg verkeleg til å smile! Så om du har ein dårleg dag, be my guest. Sjå på desse, og smil. Nyklipte søtingar!

No må eg forøvrig lese til eksamen om det skal bli noko av den i det heile.

Dagens vits:

To lopper hadde kosa seg vel og lenge på kino ein sommarkveld. Det hadde vore ein ven og flott dag, med sol, latter og glede. Dei hadde ete popcorn og sett ein komedie. Då dei kom ut var det blitt kveld og regnet hadde trengt seg gjennom skyene. Den eine loppa sa til den andre, medan han fomla etter handa og strauk over den; «Huff så det regnar,  skal vi gå heim, eller ta ein hund?»

HAHAHHAHAHA

Advertisements

3 responses to “Til deg som har lyst til å smile, men ikkje får det heilt til

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s