Korleis er det mogleg å overleve som student?

Sidan eg var 13 år har eg hatt inntekt, og aldri hatt noko særlig økonomiske problem. Men i oktober 2008 vart eg sjukmeldt då eg opererte augene,  og til slutt enda opp utan jobb då det vart altfor mykje å gjere på skulen rett før eksamen. Eg gjekk då to månadar utan arbeid, og overlevde på pengane eg tidlegare hadde tent. No har eg heldigvis fått meg jobb – men den lønninga får eg ikkje før i mars. Her er mitt spørsmål til staten/lånekassa/who ever gives a fuck: Korleis i all verda skal ein student overleve i Oslo by med den nette sum av 6 430,00 kroner!?

11. februar: 0 kroner på konto.

12. februar: 6 430 kroner på konto.

Faste utgifter som må settas av:

– Månadskort student: 330 kroner.

– Fadderunge: 250 kroner.

– Husleige: 4500 kroner.

– Internett: 100 kroner.

– Leige av film: 149 kroner.

Resterande beløp: 912 kroner.

Og det er utan telefonrekning som forandrar seg kvar månad, eller medlemsskap på treningssenter…  Delt på fire veker: 228 kroner. Korleis i all verda skal det vere mogleg!? Å ha 228 kroner i veka å kjøpe mat, drikke, hushaldningsprodukt, etc. etc. for?! Ein markørtusj som skal fungere ordentleg kostar over 70 kroner! Å studere vert jo rekna som fulltidsjobb! How the hell do people do this?? I have NO idea korleis folk klarar seg utan ekstrajobb, og får det til å snurre rundt.

Nei, fy flate. Akkurat no kunne eg ønske at livsstilen som reisande Mack kunne vore min for alltid. Jobbe og tene MASSE penga, og berre reise slik som eg gjorde i 2007 og i 2008…. Eg vurdera sterkt å gå tilbake til det. Kan jo hende eg blir proff til slutt?

ready_to_dive_by_shoops

Utila, Honduras, april 2007

Advertisements

11 responses to “Korleis er det mogleg å overleve som student?

  1. Eg kunne ikkje vore meir enig! Skal det vere nødvendig å jobbe 10-15 vakter i månaden, ved sidan av eit fulltidsstudie, kun for å overleve ein hard kvardag?

    Eg er heldig som bur på Lillehammer, som kjent er «alt» billegare på landet.. But still..Det burde faktisk ikkje vere mogleg!!

    Kjærleg helsing sure-Mari, som og har fått 6430 kr inn på konto idag.

  2. Nei, det skal ikkje vere nødvendig! Ein må jo ha tid til å leve også!!

    Ja, du skal takke for Lillehamar altså! Men snart kjem du vel til Oslo også, og får oppleve Tigerstadens kostnadar nok ein gong. 😉

  3. Hehe, ja konserten er stein bra! Men synes fortsatt at The Confessions Tour var best, men Madonna er kulest på denne turneen.
    Å leve som student er ikke lett!

  4. Birgit: Har du ikke kjæreste, Why? Liker du det ikke eller finner du ingen som er bra nok? 🙂 Frokost hadde jo vært kult, men akuratt nå har jeg fått feber og ligger for det meste i sengs i dag, kommer blogg innlegg om det senere 😦

    100 kroner i internett, wow! Hvor har du internett leverandør hen?:)

  5. SV: Hehe, ja jeg må bare slappe av så jeg kommer meg. Hoster så det verker godt i brystet. 😦 300 kroner for internett, joda syns det var billig jeg. Get er ikke det beste etter det jeg har vært borti det.

  6. mari, det er ikkje så masse billigare å bu i lillehammer. tru meg. eg har vore her i tre år. eg har vert blakk som ei kirkerotte kvar mnd dei tre siste åra. tru meg, det er alltids noko å bruke pengane på her også. som f.eks 450 kr rett i kassa til det fæntæstikke treningssenteret elixia, som ikkje gjer meg 50 kg lettare igrunn.. og det er jo så kaldt er at vi må drikke oss opp for å holde varmen. og vi kan vel ikkje påstå at alkoholen er noko billig her vel? og bussen, har du tatt bussen? den er jo svindyr. djises. neij, lillehammer suge like mykje penga som bergen ville gjort. greit, så får eg rabatta på kinoen då men..

    • Kvifor i all verda skal du bli 50 kg lettare Ida?? 😛 Du går vel heller for å bli større, build some muscles og sånn! 😀 Hehe..

  7. Ida;

    I see;) Men eg tenke mest på leiligheter og liknande – Vi betala 4000 kvar for ei leilighet som e verdens vakraste. I Oslo hadde den sannsynligvis kosta ein million, bortsett frå at der ikkje er plass til slik ein stor hage! I love it!

    Men eg jobba eindel når eg har fri da, så eg skal vel kanskje ikkje klage..:)

    Ps! Ein bil er kjekt å ha;)

  8. Jobbings er uhorveleg greit ved sidan av studie… 🙂 Utrulig kor lite som skal til før ein har litt ekstra!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s