Eg daitar like gjerne meg sjølv.

dait

Billetten og daiten min.

Henrik spurde meg etter eit valentinsinnlegg kvifor eg er single. «Har du ikke kjæreste, Why? Liker du det ikke eller finner du ingen som er bra nok?» Eg kom til å tenke litt på det i dag. Og når eg sat i badstova etter treningsøkta i dag kosa eg meg veldig. Sjølv om det berre var eg som var der. Eg har jo møtt veldig mange som eg likar, og for all del – mange er bra nok, men… Eg er jo framleis single. Så då tenkte eg rett og slett å finne ut om eg er bra nok for meg sjølv, så treng eg jo aldri å leite etter nokon å «dele livet med»? Så i dag skal eg på dait med meg sjølv. Eg og Birgit skal på konsert, på Kaiser Chiefs. Det som er så bra, er at eg er sikker på at det ikkje gjer noko om vi ikkje har noko å snakke om, for eg kan liksom vere heilt stille i lag med meg sjølv utan at den pinlege stillheita kjem. Og det må vel vere noko av det beste? Ja, også veit eg at eg er komfortabel i mitt eige selskap. Også kan eg vere med meg sjølv heim utan å måtte vakne tidleg opp for så å fordufte før den andre vaknar, eller vakne opp å ha dårlig samvit. Ja, no satsar eg på meg sjølv! Kan starte med middag, fiskepinnar til 7.50 kroner, litt ris og litt saus, også vatn frå springen, også konsert etterpå.  Eg gler meg allereie.

Så, då må eg eg gå. No har daiten begynt, og eg er klar for å ete middag med meg sjølv. Dinner and a concert… Kan det bli betre?

Kasier Chiefs

klare3Begge to klare for litt Rock n» Roll. 🙂

Advertisements

7 responses to “Eg daitar like gjerne meg sjølv.

  1. eg har innsett at eg har en evig date med meg sjølv også!
    men det er igrunn litt fint også. håper konsertdaten var fin. eg var der i fjor, det var braa 🙂

  2. du er ikkje heilt aleine når du er på telefon med meg:)
    eg og kosar meg på date me meg sjøl. det tragiske e når eg ska mimre etterpå. «hugsar du at….» åso e det berre meg å snakke med etterpå om alt det kjekke eg har gjort :S

  3. Ida: Evig er vel kanskje å ta litt hardt i? 😉

    Takk for det, den var veldig kos!!

    Jannike: Det er det som er ulempa!! I dag hadde eg så masse å fortelle, men så visste eg jo alt frå før av! Kompliserte greier akkurat det der, men om ein kankje kan utvikle ein svak form for Alzheimers, eller Schitzofreni så går det vel å mimre? Eller?

  4. Kossen gjekk daiten da? Va du ei gentlelady? Holdt du oppe døra for de sjøl? Fulgte du d sjøl heile veien hjem? tihii ^^

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s