Takk for daiten!

chiefs2I går var eg på dait med meg sjølv, noko som viste seg å bli ein vellukka fredag. Middagen var snydens, eg hadde heldigvis laga noko eg var sikker på at eg likte. Etter litt oppvarming til konserten med å høyre på Kaiser Chiefs, var vi klare til å gå. Vi tok trikken til Brugata, tok ut nokon spenn og var relativt tidleg ute. Dørene opna klokka 20:00, vi var framme omlag halv ti. Hadde egentleg ikkje tenkt å få med oppvarminga, men vart uhorveleg begeistra for at det skjedde likevel.  Namnet var Dananananaykroyd. Og det var action. Litt indierock, litt punk. Gutta frå Glasgow, som vi aldri hadde visst om før, tok oss med storm. Vokalisten hoppa tau med mikrofonen. Gitaristen gav publikum gitaren slik at dei kunne avslutte siste låta. Sweet. Betre oppvarming kan ein leite lenge etter.
Mellom Dananananaykroyd og sjølvaste Kaiser Chiefs vart vi ståande oppetter ein påle, sikra oss plassen med god utsikt. Daiten vart avbroten eit par gongar av uforskamma svenskar som aldri tok eit hint om at eg var fornøgd med å vere der med meg sjølv, og at eg ikkje hadde behov for å drikke vin med nasa saman med folk over grensa som eg ikkje kjendte. Han eine snakka så høgt at eg høyrde det sprakk i trommehinna mi eit par gonger. Dei slutta å mase til slutt etter å ha diskutert høglytt om dei skulle gå fram i «crowden» eller om dei skulle stå bak, og faktisk sjå noko. Også kom stillheita som eg tenkte på forhand kom til å bli så naturleg. Eg var stille i kanskje 20 minutt. Eg og meg sjølv spleisa på ei øl. Den var vekke på kun kort tid. Sånn går det om ein er to om å drikke. Tørste var vi!

Også kom dei på scena. Herlegheita sjølv.  Dei rocka i gong med Spanish Metal, fortsatte rocken med Every day I love you less and less og eg måtte kjefte på meg sjølv, for vi kunne jo ikkje filme heile konserten uansett kor bra det var.

(dårleg kvalitet, men sånn er det, har ikkje supert kamera akkurat)

Logra med halen. Song med. Hylte og skreik med den halvdaude-dyre-stemma mi. Klappa. Prøvde å plystre. Smilte frå øyre til øyre. Det var rett og slett heilt konge! Heilt til fire jenter frå Bergen stilte seg bak meg. Dei kom rett etter Never miss a beat, og snakka høgare enn vokalisten – og det var ganske bra trøkk på vokalisten. Dei hadde ikkje sett kvarandre på fleire år, og «Guuuuri så gøy at vi møtes HER DA, PÅ KONSERTEN! Hvordan går det med deg da? Har du møtt Kristian siden sist? Guri så lenge siden, JEG BARE MÅ HØRE ALT!!» Slik fortsatte dei gjennom Riot-låta, og eg måtte halde meg i skjorta for å ikkje klikke i vinkel. Samtlege som stod i omkretsen min snudde seg for å så å lage ein grimase som bad dei halde kjeft, eller stikke til helvete der i frå. Eg veksla mellom å synge med, og halde på å klikke. Dei stod bak pålen eg lente meg opp etter og hadde tydeleg ikkje noko der å gjere. Ikkje høyrte dei på musikken, ikkje dansa dei. Til slutt kunne eg ikkje dy meg, og spurde om dei ville betale tilbake 100 kroner av billetten til samtlege rundt oss for å ha snakka i hel siste delen av konserten. Eg fekk ei øl i trynet. Men dei forsvann. 1-1. Syklubben var vekke til «siste» låta og eg var fornøgd med meg sjølv. Gentle. Angry Mob!!

Konserten var rett og slett fantastisk! For ein energi! Og ja, billetten var dyr. Men eg kjøpte den heldigvis i dei dagar eg hadde mykje pengar. Men om eg ikkje hadde gjort det, hadde eg glatt reinska fisk i 80 timar for å få vere der. Eller telt spikar i like mange timar. Den var rett og slett verdt all verdas slit. Slik ein energi, og slik eit humør, slik ein guts skal ein leite lenge etter. Dei rocka Sentrum Scene. Dei løfta taket, og fekk oss til å sveve på skyer av glede.

Etter konserten møtte vi tilfeldigvis Lasse ved utgangsdøra. Han hadde gløymt at han skulle på konserten, noko eg finn heilt utruleg. Han var der med ein frisør, som vi slo følge med heim. Vi snakka om alt og ingen ting heilt fram til Sofienberg. Også skiltes vi. Då var det berre eg og meg sjølv igjen. Eg vart eg med meg heim. Sånn utan vidare, det låg ganske naturleg for meg. Og i dag tidleg vakna eg opp med meg sjølv utan at det var kleint. Også for eg på trening rundt halv elleve, sånn rett før eg hadde vakna heilt. Perfekt timing.

Spelelista:

  • Spanish Metal
  • Everyday I love you less and less
  • Everyday is average nowadays
  • Heat dies down
  • You want history
  • Ruby
  • Can’t say what I mean
  • Good days bad days
  • Na Na Na Na Naa
  • Modern Way
  • Half the Truth
  • Never miss a beat
  • I predict a riot
  • Take my temperature
  • The Angry Mob
  • Ekstra: Thank you very much
  • Ekstra: Oh my god

chiefs1

kaier2

kaiser1

kaiser3

Tusen takk for ein vellukka dait, Birgit!

Advertisements

9 responses to “Takk for daiten!

  1. Føler at dette sitatet passar godt inn her: «Det er bedre å våkne alene og vite at en er alene, enn å våkne sammen med noen og allikevel være ensom.»

    See you in Bergen!

  2. Lemur: Det var eit godt sitat uansett kor det passar inn hen. 🙂 (men ken er du? Frankie?) See you anyways!!

    Henriette: Hehe, nei det er jo sant! Men som Jannike sa til meg angåande eventen, det er det kjipe med mimringa. Det blir liksom ikkje like kjekt å sei «hugsa du då blablabla gjorde bla bla bla» til seg sjølv… 😉

  3. hehe. hadde ikkje glømt at æi skulle på konserten. hadde berre slått det fra meg sida mitt opprinnelige følge ikkje kunne 🙂

  4. Eg er ikkje fan av den låta idet heile tatt. faktisk det motsatte av fan.. Lasse kanskje du og burde date deg sjøl? då blir du ikkje ditcha 🙂

  5. Lasse: Hehe, du kom no på det i siste liten;)

    Jannik: Då må vi høyre på den i lag. Eg syns den er brilliant og du kjem sikkert til å like den. Heheh.. Til slutt!

  6. Ja gjorde vel kanskje det, hehe 🙂 Er glad æi fikk med meg litt da, for det va knallbra!

    Jannike; ja, har vurdert å adoptre konseptet, har hatt ein kinodate me meg sjølv, og ein mislykka blåtur. Trur kanskje æi er klar for å ta det neste steget med ein ny date! Sist nekta æi å bli me meg sjølv heim igjen. Skulle tross alt på jobb dagen etterpå. Så tusla heim. Det heile vart ganske forvirrande og sinnsforstyrra.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s