Oppskrift på ein perfekt formiddag

Gå i parken og et frukost der.

knekkis

Møt fuglen som gjer alt han kan for å skremme deg, slik at han kan få knekkebrøda dine.

fuglen

Prøv å skrem den vekk med å synge slik at den flyge avgarde.

fuglen2

Få han til å sitte i eit tre og posere.

fuglen3

Gå tur gjennom Cubaparken og spør deg sjølv «kvar er alle endene!?»

elva

Drøym deg vekk til vårens utepils. (Og tenk på at du heldigvis ikkje bur  i siloen.)

utepils

La sveitta renne på Oxigeno, og gå der i frå med eit smil om munnen.

oxigeno

Møt familien Happy som også er eit døme på at det fortsatt finst håp i verda.

familien

Oppdag at endene berre var på andre sida av brua, og la deg fascinere av at dei er så fantastisk orange og grøne.

endene

Finn huset som du vil flytte inn i og gled deg til Christopher kjem heim.

casa

Bli obs på nedsnøa bilar og tenk at steik så herlig du er som ikkje treng å ha med dei å gjere.

bilen

Møt det koslege paret som bur i nabobygget som syntest det var koseleg at du tok bilete av gata dei bur i, og som gjekk hand i hand i sola og ønskte deg også ein «happy valentinsdag» etter å ha kommentert kor kjekt det er at det fins folk med dialekt. paret1

Sjå på klokka og sjå at den ikkje er 14:00 endå, og du har mykje å glede deg til, sidan det er laurdag og god mat, godis og gode vener er i din eksistens.

Advertisements

3 responses to “Oppskrift på ein perfekt formiddag

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s