Tre av dei finaste teikningane

Jannike (leka) Sunde. Det er namnet som får meg til å vere komfortabel. Det er namnet på jenta som eg set uhorveleg stor pris på. Eg er fullt klar over kor bra ho er, men kom ekstra på det no når eg kom heim. Hadde ein litt ruskete busstur heim, med sinte folk som kjefta og smelte, og folk som var hensynslause fulle og forbanna på alt og ingen ting. På ein søndag. Og når eg kom heim til rommet mitt, så møtte desse tre teikningane meg. Og det slo meg, at om dei som eg kom i skade for å møte på bussen, hadde hatt slike teikningar på veggane, så hadde dei aldri oppført seg slik som dei gjorde. Dei hadde sikkert vore litt meir harmoniske. Også kom eg til å tenke på at noko eg likar veldig lite er folk som ikkje set pris på det dei har. Og Jannike (leka) Sunde er ein av dei eg veit alle mine set pris på. Og eg også set pris på ho. Men eg tenkjer jo ikkje på det heile tida, kor masse eg set pris på ho. Eller, eg set jo ikkje ein pris på ho, for ho er upriseleg, men gleda meg over hennar eksistens då. Tenk så heldig eg er, som har eit så fantastisk menneske rundt meg. Som teiknar teikningar til meg som får meg til å smile kvar einaste dag.  Ho nekta på at eg skulle henge dei opp på veggen, men legge dei inn i den vakre permen eg har fått av ho. Men eg kunne ikkje dy meg. Ho hadde jo teikna portrett av Ina-Mari og meg, grisen og musa frå favoritt-teikneserien min, Perler for svin! Også hadde ho teikna pingvinar. Ikkje pokker om eg kunne gøyme dei vekk i permen – dei må henge på veggen min slik at eg kan sjå dei kvar einaste gong eg ser mot veggen. Og i dag innsåg eg kor glad eg vart av dei teikningane at eg tenkte å dele dei med dåkke. Dei er rett og slett fantastiske. Og Jannike (leka) Sunde er min favorittkunstnar.

ina-mari_birgit

perlerforsvin1

pingvina

Tusen takk, Jannike. ❤

Advertisements

6 responses to “Tre av dei finaste teikningane

  1. so søt du e vennen 🙂
    sette masse pris på deg og veit du, sjøl om eg ikkje alltid seie det. og sjøl om eg va sur på facebook her hin dagen og slo opp me deg..

    (eller forresten, e ditta et manipuleringsforsøk på å hjernevaske meg til Oslo ?!)

  2. Åjja slo du opp med meg, eg trudde du slo opp med meg og Tiril og verden på same tid? 😛

    Ingen manipuleringsforsøk på å hjernevaske deg. Det kjem ved seinare anledning. (Dessuten trur ikkje eg du trenge å bli hjernevaska for å ville komme hit)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s