Besøk frå fortida

Var på veg i å stappe macen oppi ei laptopveske då eg såg det. Banana frå 2008. Det var berre flaks eg såg den før macen ville blitt skvist blandt pels og ekkel lukt. Er det mogleg? SÅ masse pels på ei banan? Noko som fascinerte meg veldig, var korleis myglet mygla seg gjennom veska! Banana låg i lomme nr. to frå utsida, og du verda hadde ikkje banana jammen formert seg til UTSIDA av veska. I’m IMPRESSED! Lurte litt på korleis det ville smake med banan frå 2008, no som vi er så godt inn i 2009. Heldigvis hadde eg ikkje tid til å la tanken bli handling.

myglos

Qba har blitt min nye hengeplass. Der les eg til eksamen. Tiril tipsa meg om å sitte på kafé og lese, slik at ein ikkje vart forstyrra av totalt stillheit og deretter litt lyd som då ville vere veldig høg. På kafé får ein jo ein jamn straum av lyd, slik at ein ikkje må snu seg for å sjå kva som skjer om det blir litt meir action på desibelskalaen. Ein god idé, og passar ypperleg for meg. Der kan eg sitte og høyre på musikk, helst sitte ved peisen der det er godt å varmt. Konsentrasjonen er på topp, og om eg er svolten er det ikkje noke stress. Då er det berre å seie i frå. Litt sånn Furby; Me hungry. Me thirsty. Og glade folk bak disken. Og musikken er sweet også! I dag har det gått mellom Mercury Rev, Oasis og Lambchop. Passar meg ypperleg. Dei har deilig suppe der.

suppes

I dag delte eg bord med tre forskjellege. Ein koseleg mann som sat seg ned for å ta ein kaffi. Han hadde lunch, men ikkje nok tid til å bestille mat. Det var svært synd, for dei har så vanvittig god kyllingwraps der. Og øla var visst også veldig god. Så det var vel kanskje like greit at han ikkje hadde tid til å bestille mat, for han kunne i alle fall ikkje drikke øl til maten, øl og kyllingwraps passa ikkje i hop i følge han. Også var det kanskje litt dumt å drikke øl når han skulle på jobb igjen etterpå også. Men eg måtte han ein fin dag. Også var det dama som ville låne pennen min. Ho likna på Karin Fossum, og eg tenkte kanskje at tenk om det var ho. Men ho trykte ikkje på pennen når ho var ferdig med å bruke den, slik at blekket kunne tørke ut. Og då tenkte eg at det ville vel aldri ein forfattar ha gjort? Pennen er vel hellig? Eller..? Ho kjøpte ein kaffi latte til meg som takk for lånet. Koslig dame. Med krøllete raudt hår. Og til slutt kom Anne Mari som glatt bestilte ei Carlsberg, som såg så vanvittig god ut. Ho skulle på personalmøte etterpå. Koslig å sitte slik på Qba og møte ukjende og kjende, varme seg foran peisen når det lava ned med snø utanfor. Drikke varm drikke og høyre på god musikk. Ja, også lese til eksamen då.

Når det nerma seg trening gjekk eg på butikken for å kjøpe ein youghurt og nokon knekkebrød. Det stod ein mann utanfor og tigga pengar til mat. Og eg tenkte at eg kunne kjøpe ein pakke med slike ferdigsmurde knekkebrød frå Wasa, og nokre bananer, så kunne han få det. For han såg grådig svolten ut. Eller hypa på eit skot, men eg lot dømminga kome til slutt. Då eg kom ut frå butikken igjen stod han der endå, og spurde meg nok ein gong. Eg sa det som det var, at eg ikkje hadde cash, men han kunne få nokre bananer og knekkebrøda som eg hadde kjøpt, om han ville ha dei. Knekkebrøda var kjempegode kunne eg forsikre han om, blant mine favorittar av Wasa-produkt. Han sa eg berre kunne gløyme det. Hypa på eit skot.

Hadde samla masse energi då eg kom fram til Oxigeno og var superklar for å spinne trått i 45 minutt til rytmer frå 90-talet. Også innsåg eg at eg hadde gløymt joggeskoa mine. Eg vart så frustrert og visste ikkje kvar eg skulle gjere av meg. I resepsjonen kunne dei låne meg nokre sko, dei måtte berre vite kva storleik eg trengde. Eg er desperat, har du noko mellom 37-40, så kan eg bruke det! Dei hadde 36 og 42. Sorry mac. All engergien min vart omforma til frustrasjon, og eg visste ikkje anna enn å gå til leiligheta Aarsheim for å søke trøst. Sidan eg ikkje har mobiltelefon for augeblikket vart det eit såkalla gammaldags besøk. Eg gjekk dit utan å vite om dei var heime, ringde på klokka og spurde om dei ville leike. Og der møtte Lisa Mari meg, og fekk meg til å smile på flekken. Så godt å vite at ein framleis kan gå litt sånn på besøk også. Etter litt kom Trine og introduserte meg til nedlastningsverda. Alt vart med eitt så mykje betre. Til slutt kom Stig heim frå verdas lengste forelesningsdag, diska opp med pølser i lompe med potetsalat og sprøsteikt løk. Han var i kjempehumør og kunne stolt vise fram den nye fangsten frå Nr.52 på løkka. «Chinos» heitte det visst. Bukser som er slim fit, men litt kortare, men likevel ikkje 1/3. Er usikker på korleis ein skriv «Chinos», so I call it Stigos. Dei sat som eit skot på han. Og eg foreslo at han kan bli mitt nye ikon om eg skal starte moteblogg (haha). Men han lot seg ikkje frivillig fotografere, så alt eg har å gå på er dette:

stigos2

Kva synes du, Christopher? Stig tippa du mislika dei. Men dei var faktisk ganske kule!

No ventar eg på Hagen sin ankomst til Tigerstaden, og i morgon er vi klare for ekte Rock And Roll! AC/DC. Hoihoi!

Advertisements

12 responses to “Besøk frå fortida

  1. Qba hørtes ut som en fin plass. Her i Sogndal har vi éin kafé (kaffibar) som går an å gå på, men den er stengt på ubestemt tid. Hrmpf. Nice pants forresten! Eg likte dei 🙂

  2. Eg og likte å sitte på kafe for å lese til eksamen. men no e det «no more». eg har nemli aldri aldri meir skuleeksamen. det e litt rart, og veldig deilig. Banana di e dritekkel. Æsj.
    kass penn e det du snakka om? vanlig kulepenn? du rtenge jo ikkje å trykke på pennen då for å spare på blekket vel? jogging e oppskrytt. og narkisa vill ikkje å knekkis. det må jo du skjønna. viss du ska tilby mat kan du i det minste tilby burger! 🙂 hohoi. velkommen til bergen snaart. snart snart.

  3. Mari: Ja, det er god attitude. 🙂 Og i alle fall når det er Carlsberg som blir konsumert!

    Henriette: Ja, Qba er veldig trivelig. Hehe… Éin kafé, Henriette? No overdrive du vel ikkje litt? Har jo meir enn ein kafé i Stryn jo? 😛 Bra du syns det. Skal meddele Stig det. 🙂

    Jannik:
    Aldri meir skuleeksamen? Tenk viss du finne ut at du har studert heilt feil greie då, og må ta ein ny bachelor? På universitetet i Oslo, eller Høgskulen i Oslo? DÅ blir det skuleeksamen! Ja, det var ikkje meininga at banana skulle vere lek. Hagen skulle identifisere den i går, på bildet, men ho kunne ikkje sjå at det var ei banan. Eg syns den kan minne om eit påkøyrt dyr. Jo, sånn at den ikkje tørka når tuppen er ute vel? You know!! Neste gong blir det burger på narkisen. 🙂 THANK YOU!! No er det ikkje lenge igjen!

  4. Henriette: Har likevel vanskelig for å tru at dåkke berre har éin stengt plass:P

    Ida: aha, nice to know how it’s written 🙂 Dei var kule på, litt rock’n roll. Hehe.. Har aldri sett dei på jenter! Men sikkert fint. Thanks! I will:)

  5. en penn kan ikkje tørke ut på tuppen? Det e jo like tørt inni der du trykke den inn. Den kan jo berre bli tom for blekk? Du trykke jo den berre inn for å ikkje penne heile innsida på veska di.

  6. Jannik: Du har sikkert rett, men eg har i alle fall tanken om at den vil tørke ut, om den er ute. Hehe… 😛

    Annis:
    Den lukta ikkje! Det var det som var så sinnsjukt rart. Skulle jo tru at den ville stinke:)

    Malin: Thanks! Det kjennes bra å kunne oppnå slike ting i livet. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s