Kva skjer med at tida enten går veldig seint eller superfort?

Endeleg ferdig med eksamen nummer ein. No skal eg ha kvalitetstid med Tre brødre som ikke er brødre og sofaen. Men aller helst kunne eg ønske at Skofus låg på brystet mitt, og strauk hovudet sitt oppi andletet mitt så eg fekk pels i nasa.

skofus

Noko eg har lagt merke til er sikkert ikkje nytt for meg, og heller ikkje nytt for deg – men eg vart VELDIG obs på det i dag tidleg. Helga som gjekk var storarta. Og hadde eg skulla tippa på kor mange timar som hadde gått, hadde eg kanskje svart 10. Fordi tida gjekk så fort i så inderleg godt selskap. MEN: i går hadde eg ikkje ein spesielt bra dag. Den starta med at eg forsov meg til første trening, så eg ikkje var i gong med spinnings før kvart over ti. Deretter sovna eg i badstova (sjølv om det var deilig, så gjekk det med altfor mykje tid) og eg vakna opp som ei rosin. Ja, også hadde eg gløymt at Stig hadde teikna på heile ryggen min, så eg fekk ein del pinlege kommentara. Eg kom ikkje på nokon bortforklaringar som var særlig bra, så eg enda opp med å smile med og seie «mhm» når dei kommenterte draktunmmeret mitt. Då eg kom tilbake var klokka nermare halv eitt, og eg hadde heile dagen foran meg med eksamenslesing. Det enda opp i uvesentlege aktivitetar, og når eg først skulle gjere noko eksamensrelatert, som å f.eks sjå ein film som var pensum – jau, då sovna eg. Rundt fire innsåg eg at eg måtte få tak i meir energi, så eg for på trening igjen med Lisa Mari, denne gongen bootcamp. På vegen dit vart eg kjempevåt på ryggen og rompa, og eg skjønte ikkje kva som hadde skjedd. Jo, flaska mi, som låg opp-ned i sekken var heilt open. Og 0.7 liter Imsdal sørga for at eg var skappeleg våt langs ryggen og rompa. Såg veldig bra ut når eg kom inn på Oxigeno. Han i disken kommenterte at det såg ut som om eg hadde tissa meg ut, oppover. Nice.

Etter treninga for eg heim etter å ha betrakta endene som kosar seg langs elva. Ettersom vatnet fint hadde kjølt ned klesplagga mine, var eg sjukt kald på rompa på veg heim. Eg har aldri stått så lenge i dusjen før, og berre vaska rompa. Vart liksom aldri varm igjen!? Anyway. Plutselig var klokka ni om kvelden, og eg var trøtt som ein fugl som har floge halve Atlanteren. Og vips var Jon Blund på besøk igjen. Det kjendes ut som om det berre hadde vore ein time sidan eg stod opp, og ikkje hadde eg hatt det like kjekt som i helga. På langt nær! Tida hadde gått superfort! Men i dag tidleg vakna eg rundt seks. Og hadde tre timar på meg til å lese til eksamen. Og det må ha vore dei lengste tre timane mine i mitt liv. Eg fekk gjort kjempemasse, skreiv notatar, laga frukost, spelte spel, leste på notatane, tok ein dusj, sovna litt, høyrte på musikk, repeterte og endå var ikkje klokka åtte. Herregud, er det mogleg!? Skjer med tida egentleg?? Kvifor er ikkje kvar dag slik? Hadde det vore slik kvar gong, så hadde eg fått gjort alt her i verda på kun kort tid!  I wonder. Og dessuten har eg aldri kjensla av at tida går passeleg fort. Den går anten seint, eller superfort. Eg skjønar ikkje logikken i det her…

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s