From the B to the L to the O the C, what’s that? PARTY!

1Det var mandag 23. februar, staden var Sentrum Scene og bandet var Bloc Party. Betre start på ei veke kan ein leite lenge etter! Lisa Mari, Trine og ei venninne var selskapet. Sjølv om lyden på vokalen var ganske laber, så var jammen Kele Okereke like bra som på CD. Gitaristen (Russell Lissack, mannen til venstre med gitaren fint planta i hendene) likna fælt på Jon Kåre, og vi trudde ei stund at det var han som hadde lurt seg med på turnéen. Matt Tong (trommelomlomlom) hadde kun på seg ein gul boksershorts og dansa så sjarmerande på scena eg sjeldan har vore vitne til. Stemninga var høg og publikum veldig fornøgde. Lisa Mari og eg smilte frå start til slutt. Og endå lenger. Det kjendes ut som om dei berre hadde spelt i 15 minutt når dei egentleg hadde vore på scena i ein time. Tida går jammen fort i godt selskap! Dei spelte mange låtar frå favorittalbumet mitt, «Silent Alarm». «Banquet», «Blue Light», «Helicopter». Også slo dei til med «Hunting for witches» og andre gromgode låtar. Når dei var «ferdige» ville ikkje publikum gå. Det ville ikkje Bloc Party heller, så dei spelte eit par låtar til etter at dei hadde gjort sitt med smekken nede. Også kom dei igjen endå ein gong. Publikum ville ha meir, dei ville ha meir. Vinn-vinn.

blocperty2

blocparty3

Filmen er av svært dårleg kvalitet. Dette av to grunnar:

1. ) Dårleg kamera.

2.) Klarte ikkje stå i ro.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s