Morgonstund har gull i munn

I dag tidleg var eg oppe før klokka var seks. Frukosten smaka og spinningen var heilt sjukt bra. Siste låta var Arctic Monkeys med «I bet that you look good on the dancefloor», kan det bli betre!? Vart i skikkelig godt humør av heile greia. Takk skal du ha, Jan Henning! Også så sjuuukt deilig med badestove etterpå. Eg trur eg skal skaffe meg ei badestove når eg blir stor og får meg hus. Då eg var på veg heim var det morgonbad på gong hos endene. Og eg trur kanskje dei hadde hatt overnattingsbesøk i natt, for der var ei måke også. Og når eg stod der på brua og fulgte med på baderutinene til den besøkande kom eg på å tenke på ting som eg egentleg set stor pris på, men som kanskje ikkje får den kreditten dei fortena. Lista over det finn du under desse bileta.

quba

morgenbad1

paarad1

kirka

Ting eg likar ganske godt men som har fått forlite creds i det siste:

  • Å vakne to timar før eg skal, og finne ut at eg kan knusle meg fast i dyna og sove ekstra godt dei neste timane.
  • Lusk.
  • Å steike fiskepinna og finne ut at eg faktisk klara å steike dei perfekt sprø andre gong på rad.
  • Sjå filmar som er så ekle at eg får gåsehud.
  • Oppdage nye musikarar.
  • Gå gjennom Grünerløkka.
  • Stig.
  • Mjuk hud.
  • Å ha kjensla av å vere stinn av gryn (skjer aaaltfor lite).
  • Festivalar.
  • Hans Ulrik (no er det lenge sidan sist!).
  • Kram snø.
  • Kyllingspyd i laffe på La Oasis Masse.
  • Jon Blund.
  • The Extras.
  • Taco.
  • Spotify.
  • Å vite at eg ikkje har ein bil eg må bekymre meg for når det snør.

bilen1(LEO!!!)

Advertisements

7 responses to “Morgonstund har gull i munn

  1. Ja, det er sååå deilig!! 🙂 Ååh, nesten sånn at ein bør sette på vekkerklokka på to tima før, for å ha den følelsen litt oftare. Hehe… :p

  2. Synes du ikke Spotify har tapt seg litt?
    Før lå alt ute. Nå er masse fjernet.
    Før kom det bare litt reklame av og til. Nå kommer det reklame istedenfor musikk og reklamer både nede og på siden
    Hadde det ikke vært kjekt å kunne laste ned musikk? Til iPoden f.eks.

    http://www.skreemr.com er veldig bra nedlastingsside. Og hvis du åpner den i programmet Songbird (www.getsongbird.com) blir det enda bedre

    JOn Jon
    ¨Jon Jon
    Jon

  3. Jon: Hehe, du har heilt rett. Men eg syns det er greit til sin bruk. Så er det jo veldig lett å få tak i musikk ein ikkje har høyrt på, og få ein prøvesmak på det før ein eventuelt lasta ned (eller kjøpe i butikken;))

    Eg tar anbefalinga di på strak arm, og opnar linken din i ny tab. Haha. 🙂 Og koslig å sjå at du faktisk er innom her!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s