Pakke i ubalanse

pakken1

Det skjer ein del smårare ting i livet mitt. Og i går skjedde dette. Ein pakke låg utanfor døra vår. Anders spurde meg om eg visste kvifor det låg ein pakke utanfor døra vår. Og eg visste ikkje.Kanskje nokon hadde lagt den ved feil dør? Den vart berre liggande der.  Då eg skulle legge meg kom eg på å tenke på pakken igjen, det var no for gale at ein pakke berre skulle ligge utanfor døra vår på den måten der. Om nokon hadde lagt den feil, måtte vi jo finne ut kven den egentlig var til, så den kunne kome fram til sin rette heim. Men på pakken stod det same mottakarnamn som på returadressa. Hmm. Det var litt rart. Eg opna pakken, og der fann eg ein lapp, eit brev og eit eingongskamera. Spennande! Det var Sigri, ein elev ved Kunsthøgskulen i Oslo som inviterte til å delta i eit kunstprosjekt. Ni liknande pakkar har blitt sendt rundt i Noregs land, der forskjellege folk får gleda av å bidra med eit bilete kvar. Deretter skulle alle pakkane returnerast til ho, og bileta visast fram på ei uhøgtidleg utstilling på Kunsthøgskulen i Oslo, 6. mars. På dette kameraet var temaet «ubalanse». Mitt bidrag vart sjåande omlag slik ut:

ubalanse

Eg har heilt sjukt dårleg balanse. Og å komme opp på barstolen, og bli ståande er ein kunst i seg sjølv med to bein. Her utfordra eg balansen. Tryna sjølvsagt etterpå.

Advertisements

4 responses to “Pakke i ubalanse

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s