Min favoritt og r.i.p, fuglen.

lennonPå veg til min første treningstime med personleg veilening (hehe) såg eg ein veldig daud fugl. Den var så daud at eg lurte på kor lenge den hadde lege der. Den måtte ha lege der veldig lenge. Då eg var på veg tilbake var den endå meir daud. Og eg mått tømme alt som var i posen min for å legge det som var igjen oppi fuglen, slik at eg kunne finne ein stad å begrave den på. Men eg må ærleg innrømme at den ikkje fekk nokon særlig bra stad å kvile på. Det er jo snø over alt, og eg kan ikkje akkurat grave meg gjennom snøen, for så å grave hol i jorda i Sofienbergsparken. Så eg tok den med midt i parken, og la den forsiktig ned i ei søppelbøtte. Eg skjemst over at det var der en enda opp. Men betre det enn at den skulle bli endå meir daud midt på vegen i parken. Rest in peace, fuglen!

No har eg hatt vaskedag, der stove/kjøken og bad har fått gjennomgått. I to og ein halvt time har eg skura. Og vindauget har vore ope, og dei levande fuglane kvitra i solsteiken, og eg kjende varmen frå sola kome inn vindauget. Det var skikkelig vårstemning og eg kunne ikkje dy meg. Måtte skru på Beatles, med «Here comes the sun». FANTASTISK vårlåt. Herleg stemning. Trur nok det er mi favoritt-Beatles-låt. Og ovanfor er favorittbiletet mitt av Lennon og Yoko. Kan det bli herlegare?  I fuglehimmelen får sikkert fuglen høyre den låta heile tida. I bet!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s