Dagens album: Thirtheen Tales From Urban Bohemia

dandy

Det er ni år sidan albumet kom ut. Det er fem eller seks år sidan eg møtte Christopher første gong. Det var Thirteen Tales From Urban Bohemia som var platforma vår. Vi snakka om albumet inn og ut. Det var då det beste albumet vi nokon gong hadde høyrt. Slik er det enno. Dandy Warhols hadde gjett ut to album før dette, og om ein vil ha eit bevis på at alle gode ting er tre, så er dette albumet det gyldne eksempelet. Om eg skal ta bussen, sove, springe, feste, kose, studere, spasere på ein skikkelig kul måte nedover gata, whatever eg har lyst til å gjere,  så fins det låtar på dette albumet som passar inn med alle aktivitetane. Albumet er fullt av herlege historier og originale tunes (framleis!!).

Opningslåta, «Godless»  er herleg med gitar, trompet og rytmer som får deg til å drøyme deg vekk til dei vakraste stadane. Sit du på ein buss og høyrer denne, ser du verda passere i harmoni. Det fins ikkje vondt så lenge denne låta er å høyre. Og det er ein av dei beste låtane å vakne opp til ein ny dag til. Trust me. Også har vi «Mohammed», låt nummer to. Ei vakker, trøstande, søvndyssande godlåt som også kan få deg i transe på same måte som nummer ein. «Nietzche» er av same typen, men ein hardare versjon og meir vokal. Låt nummer fire er morsom. Den startar med hanegol og høner som klukkar, og er absolutt ei countrylåt utan like. På konserten på Rockefeller i august 2008 avslutta dei med denne låta, og eg kunne for all del ønskje at det ville skje; «…see you soon in Amsterdam».  Her er det klapping, vridde gitarar, hestevrinsk og ei småtrøtt cowboy-stemme som garantert rir avgarde på ein utslitt hest, med cowboyhatten på snei. «Horse Pills» har herlege lyrics; «your boy comes to see you, he’s your hollywood thrill, he’s a Spanish fly, bucks like a stallion. In the suits that you got him, he looks more Italian. You worry bout your tan when the weather’s gettin clammy. Summer in the city and winters in Miami. You get so high on the high life pills, cruisin and boozin and rockin on the horse size pills

På kvart einaste vorspiel vi hadde på vidaregåande var det éi fast låt på repertoaret. «Get off» var garantert ein slager, både tidleg og seint på kveld. Gladlåt utan like, og får deg til å ville synge med om du er skjenert eller ikkje. Energisk og akkurat passe kort, den gir seg medan leiken framleis er god. Deretter er det «Sleep» som står for tur. Med silkemjuk stemme og koseleg gitarriff, får du faktisk lyst til å sove for alltid. Med fem enkle setningar kan Dandy Warhols få deg til å meine at dette må jo vere ein av dei vakraste songane i verda. Også vil du berre spele den omatt, og omatt og omatt, til du nok ein gong vert henta inn av Jon Blund.

Well I could sleep forever
but it’s of her I dream
if I could sleep forever
I could forget about everything
if I could sleep forever

Andre dømer på at dette albumet er eit mesterverk: «Cool Scene», «Big Indian», «Solid», «The Gospel» og «Shakin» der Courtney syng med den mørkaste stemma si at «…I stil can’t help but want you back, back, back, back, back, back…» Og ja, det heldt eg på å gløyme. «Bohemian Like you» er med på denne plata også, ei låt som får deg til å synge vidare på den i fleire dagar framover i tid. Den er like fengande som «Get Off» og ikkje minst like catchy. «Thirteen Tales From Urban Bohemia» innehelde 13 låtar som alle har ein spesiell «pitch» over seg, og du kan høyre referansar til f.eks Velvet Underground. Hadde eg vore deg, ville eg aldri latt denne plata gå deg hus forbi.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s