Tropo?

tropo

Er det nokon som hugsar denne brusa? Den har gått meg fullstendig hus forbi. Eg kan ikkje hugse å ha sett den før, i det heile. Og eg pleier å hugse slike ting – sjølv om eg ikkje drikk brus. Men eg blir veldig betenksom (er det det det heiter? Og er det greit å skrive 3 X det etter kvarandre?) når 16 000 menneske har gått i hop på Facebook og krevd den tilbake. 16 000 menneske er ikkje mange menneske, men det er likevel 16 000 individ som har samla seg for å få tilbake ei brus eg ikkje har høyrt om. Også er det med tropisk fruktsmak, burde den ikkje vore i nærleiken når eg var fjortis i så fall, og skulle finne noko å blande det mildt sagt ekle heimebrente med? Einaste eg forbinde med Grans er anten øl eller den fantastiske julebrusa, ikkje Tropo! No er eg fødd i 1987 og det er vel ein promillesjans for at brusa var før mi tid… Kan nokon hjelpe meg? What’s up with that brus!?

Advertisements

3 responses to “Tropo?

  1. Tropo er en fantastisk brus 🙂

    Så vidt jeg vet solgte Rema Tropo på 1,5 liters flasker for noen år siden, men så plutselig var den ikke å få tak i lengre. Det kan vel tenkes at bare større Rema butikker solgte brusen da den smaker veldig syntetisk og sært. Det skal også sies at den er fantastisk mye bedre fra 1,5 liters plastflasker enn fra glass.

  2. Eg huska Tropo, tippa det var når eg va rundt 14.. Og dei selte den på Rema heime jaffall 🙂 Kanskje du berre hadde fornuftige foreldre som holdt deg unna sånne e-stoff-drinks 😛

  3. Jan Marius: Fantastisk og veldig syntetisk og sært på same tid? Den brusa høyres berre rar ut… 🙂 Og betre på plastflasker enn på glas? Det må vere den første brusa i historia!

    Henriette: Oi, ja, då har eg jammen blitt skjerma… 🙂 Sjølv om det var store moglegheiter for at eg var på Rema 1000 på eigahand i den alderen – sidan det var der eg hang når eg venta på at mamma skulle bli ferdig på jobb:P Men interessant at eg ikkje har lagt merke til den alså… Hmm…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s