Ein liten sjarmør

narvesen1

Yes, eg er på Narvesen. Og eg likar jobben min. Der er så mange søte folk innom. Og så mange morsomme hendingar. I dag vart eg veldig sjarmert. Av ein åtteåring.

Han hadde på seg saggebukser og var der med ein kompis. Dei hadde vore innom fleire gonger og kjøpt ein og ein ting. Slikkepinne. Drops. Kick. Diverse småting som ikkje kosta meir enn over ti-kroningen. Etter kanskje fem gonger innom kom dei ein gong til og kjøpte ein surt , lite rosa drops til tre kroner. Kompisen betalte først. Han telte opp ei og ei krone som om det skulle ha vore ei formue. Han sa takk og gjekk. Så var det den andre sin tur. Han forta seg med å finne pengane i lommen sin, slengte ein femkroning på disken og sa behold resten du, søta! Eg hadde nok ødelagt opplegget hans, for eg måtte scanne inn dropset han også skulle ha, så han vart ganske så flau der han vart ståande og vente. Men når det var gjort var han ute av butikken før eg rakk å blunke. For ein sjarmerande liten kar! 🙂 Han fekk i alle fall meg til å smile resten av kvelden!

Advertisements

6 responses to “Ein liten sjarmør

  1. Så søtt!:)
    Det nærmaste eg har komt nåke sånt iløpet av MI jobbehelg, er superfulle middelaldrande damer som kom frå nachspiel kl 06.00 idag, og hadde mista visa- og nøkkelkort. Hærleg:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s