Svaner og morfin.

svaner

I dag var det slek ein strålandes vakker dag. Og denne dagen var det ikkje endene som fekk all merksemda mi. Men to vakre svaner som hadde teke turen langs Akerselva til nedre Grünerløkka. Her svømte dei elegant rundt og lot framande knipse bileter av dei medan dei prøvde ut ulike positurar. Det gjekk opp for meg kor vakre svaner faktisk er. Og for nokon undervurderte dyr! Eg høyrer aldri nokon seier at «du er fin som ei svane», eller «kvit som ei svane», eller «elegant som ei svane». Det skal eg frå i dag av begynde å seie. Og ja, godt mogleg at eg har vore ein fugl i mitt tidlegare liv. Ikkje veit eg kvifor eg lar meg så fort fascinere av alt som har med fugl å gjere. Eller generelt i grunn. Eg lar meg lett fascinere.

svane1

svane6

tosvane

…og dessutan så helde svanene sine til sin partnaren sin gjennom heile livet. Ekte kjærleik.

Om du har litt antydning til fantasi, kan du sjå hjerteforma dei laga til oss.

hjerte

Og no kjem det eit lite sanningsmomentum. Eg er ei glad jente. Det veit dei fleste som kjenner meg. Men no er det egentlig litt krise. For no er eg så glad at eg er forelska. Eg har sommarfuglar i magen. Heile tida. Saman med Lisa Mari. Og det er ikkje fordi vi er forelska i kvarandre, eller forelska i andre for den saks skuld. Men vi har blitt bitt av treningsbasillen på Oxigeno. Det er IKKJE (berre for å gjere det klart med ein gong) på grunnlag av overfladiske haldningar, men rett og slett fordi vi har funne noko vi kosar oss med. Hip Hop, spinning, corebar, pilates, dans-aerobic, bootcamp, step og gudane veit kva anna vi får vere med på. Alle desse aktivitetane har ført til at vi sjeldan klara å velje, for vi hadde eigentleg berre tenkt å trene 3 gonger i veka, men no har det seg slik at all denne treninga (sidan vi ikkje klarar velje) har fått oss (relativt glade mennesker) til å produsere endorfinar. Maaaange endorfinar. Kva er det? Jo, morfin. Frå wikipedia: Endorfiner er peptider som blir produsert i bukspyttkjertelen og hypothalamus hos virveldyr. De er opioide og ligner opiatene i det at de kan gi analgesi (smertedemping) og en følelse av velvære. Stoffene er derfor blitt kalt «kroppens eget morfin». Så no går vi rundt og er rusne på livet. Så unskyld til alle de som syns det blir litt voldsomt (eventuelt deg, Stig), men det går vel over til slutt? Akkurat no tenkjer eg berre; den tid, den sorg. No skal eg fortsette å leve på denne forelskinga. Eg likar å vere forelska. Sommarfuglar i magen er fint. Og eg syns det er kjekt å ha vondt i kjakane når eg skal gå til sengs. Kjensla av velvære.

I dag var eg så glad då eg gjekk avgarde frå XXL på Kirkeristen at to personar begynte å vinke og smile til meg. Guten som så kraftig antyda at dei spinningskoa eg så gjerne, gjerne ville ha,  var nok dei dyraste i butikken, tok feil! Han scanna skoen inn og på skjermen kom ein klekkeleg bra sum fram, og då han antyda den til meg smilte eg frå øyre til øyre og utbraut «glede i heimen!», også såg han rart på meg, og eg skjønte at det kanskje ikkje var heilt passande å seie akkurat det. Men det var jo det det vart.

spinninglove

GLEDE I HEIMEN!

Advertisements

12 responses to “Svaner og morfin.

  1. Svaner er flotte dyr å ta bilder av og se på. Her ligger isen inne ved fjorden enda, så jeg må nok vente noen uker til før det blir mulighet for meg å ta nye svanebilder.

  2. veit du ka anna som utløyse endorfina?
    Sjokolade. i bøttevis. og vin og trur eg.. 🙂
    bedre enn trening ..haha

  3. det va kanskje dopamin eg meinte. eg veit ikkje forskjellen på det. eg veit berre at akkurat no frista sjokolade meir enn trening.:)

  4. Sjokolade utløyser endorfina trur eg også!? 🙂 Sjokolade frista meir enn noko anna alltid. He he 🙂

  5. No fekk eg lyst på sjokolade!
    Du kjem forresten til å møte en heilt ny verden no når du har fått deg spinningsko – HEAVEN!<3

  6. Huska første gong eg brukte mine – då måtte instruktøren feste føtene mine på pedalane, fordi eg ikkje fekk til «klikken» 🙂

  7. Hahhaha, då gleda eg meg til å sjå korleis det blir når eg skal prøve mine for første gong. Må sikkert møte opp ein time tidlegare. 😉

  8. Eg har òg lyst på spinningsko, det får bli neste lønning. Har spinna i snart 3 år no, så e vel på tide 😉 Og det hjertebildet av svanene va nyyydelig! ❤

  9. Hehe, då er det vel på tide. Eg har spinna i tre månada. Og «måtte» berre ha! 😀 Du får sjå på det som ein motivasjonspresang! 😉

    Ja, fine, fine svaner… ❤

  10. Så flotte bilder 🙂 Svaner er virkelig noen vakre skapninger 🙂 Så lenge de ikke finner utav at de skal jage enn bort 😛
    Et koselig innlegg , er sant som du sier, man blir lykkelig av å trene 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s