Liftekspertise

I dag gjekk eg forbi ein lift og to kara på veg heim frå skulen. Liften peip og peip, og mannen opp i liften kjefta på han som stod på bakken. Dei skjønte tydeligvis ingen ting, og var like forbanna begge to. Eg stod og såg på dei ganske lenge før eg tok mot til meg og gjekk bort til dei.

– Hei, sa eg.

– Hei.

– Har de problem med liften?

Karane ser spørjande på meg.

– Ja, den vil ikke flytte på seg. Hvordan det? (Ser veldig stygt på meg , og insinuera at eg burde pelle meg vekk for dette hadde eg i alle fall ikkje peiling på.)

– Har den pepe heile tida?

lift– Hva da?

– Liften, peip den frå starten av?

– Ja, den er vrang. Vil ikke opp.

– Men, eg trur kanskje den pipe fordi den ikkje står i vater. Og då vil den mest sannsynleg ikkje flytte på seg heller. Verken opp eller ned.

– Nehei? Karane såg på meg, og eg var usikker på om dei kom til å le eller kjefte. Dei såg heilt blanke ut.

– Ja, eg meinar… Om liften ikkje står i vater, så er det sikkerheitslås på den. Og då vil den ikkje flytte seg, med tanke på at den kanskje kan tippe. I verste fall. De må stille på støttebeina.

Eg gjekk bort til vateret, og indikerte til mannen på bakken at han burde skru opp høgre frambein, så ville det kanskje ordne seg. Mannen lo av meg.

– Hvordan vet du det a»? Har du liksom peiling på lift a»?

– Har vore litt i lift ja.

Eg tenkte det ikkje var vits i å utdjupe det noko særlig, men etter å ha måla nokon hus avhengig av lift, plassert i ein bakke i fjellbratte Nordfjord, så skal det ikkje mykje til før ein lift med sikkerhetslås startar å pipe i slike område. Mannen retta på det høgre beinet, og voilá! Liften sluta å pipe, og mannen i liften kunne flytte den opp og bort, fram og tilbake slik han ville. Dei lo av meg begge to. Overasska som dei var, og ikkje minst letta fekk eg «high five» og tilbud om ein kaffi. Takka ja til «high fiven» og ønska dei lukke til vidare. Ein gong må jo vere den første for alle i lift med sikkerhetsvater. Kanskje eg skal starte i liftyrket. Kva seier du Jannike, lift og stilas??

7 responses to “Liftekspertise

  1. JA! konge!
    Men du veit vi skal starte med stilas.. liften kjem etterkvart. i mellomtida kan du gå rundt i Oslo og hjelpe fortvila lift-folk og evt verve dei til vår komande bedrift!
    bra jobba vennen. smask 😉

  2. Annis: Bra! For i dag blir det pilsing!! 🙂

    Jannik: Stilas først? Der er masse takarbeid som trenge lift for tida… 😛 TAKKTAKK!! 🙂 Smask tilbake;)

  3. Hehe, ja, det var ganske komisk:)
    Nokon må jo bidra om dei ikkje får ting til sjølv. Skal ikkje vere lett i by’n.

    🙂

Legg att svar til torild Avbryt svar