Søndag er min favorittdag.

Søndag er den beste dagen i veka. Garantert. Då har ein heile dagen til alt og ingen ting. Ein kan gjere mykje, og ha det bra, og ein kan gjere absolutt ingen ting, og ein kan framleis ha det bra, fordi det er søndag og då er det null forventningar til produktivitet. Søndag er kviledag. For meg er søndagen kos og knusledag. Søndagen som var, var intet unntak. Først på dagen var Stig og eg på tur. Deretter møtte vi Lisa Mari med kompani på Majorstua, tok ein liten trask og var på Pasta Basta der dei skulle ete middag. God stemning og godt selskap. Også var det slek ein vakker solskinsdag. Klokka seks var eg på plass hos Thomas og Limita. Limita har ein onkel som jakta på vilt. Heldigvis. Og Limita kan kokkelere. Heldigvis. Snyyydens hjortegryte, og den beste heimelaga potetstappa eg har smakt nokon gong.

Kokken Limita.

limita1

Nam-nam-nam.

gryte

Sjarm-kokken.

limita2

Seinare på kvelden var eg innom Stig, Lisa Mari og Trine. Der var det vaffler på gong. Med brunost, rømme og syltetøy. Det var jammen snacks!

vaffler

Stig og Fredrik konsentrerte i aksjon: pålegg på vafflene.

stigfredrik

Lisa Mari snart ferdig med vaffelplate nummer…?

lisa

Sånn skal det gjerast, Stig!

stig
Etter vaffelmåltidet var det dags for film og knusling i sofaen. Søndagar er skapt for meg.

Advertisements

2 responses to “Søndag er min favorittdag.

  1. No har eg spart det nye innlegget ditt i heeeeile dag – og du skuffa aldri ei gretten Mari på nattevakt:) Dåkke gjer så masse koselige ting, trur du må komme hit å innføre litt kos..

    God helg kjære! (Ja, eg tar den litt på forskot)

  2. Hehe, så koselig, Mari! 🙂
    Ja, vi storkosa oss i Oslo! Kanskje det er byen du skal flytte til next? Ellers kjem eg gjerne og innføre litt kosligheter, hehe… 🙂

    God helg! Helga trer inn om ein time! weeee!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s