Topp tysdag

Tysdag var den store dagen for glede. Gratis glede. Før på dagen var det spinning, ein liten photoshoot med Helene og prosjekt på skulen til rundt halv sju. Også… Stig, den kokken! Han hadde diska opp med klubb! Og heldiggrisen meg fekk lov til å smake. Nam, nam, nam. For ein kokk han er! Det var rett og slett heilt nydeleg, klubben var akkurat så fast som den skulle vere. Impressed.

klubb

Deretter slappa vi av på sofaen til flaue «Charterfeber», søte «Da damene dro», nyhendene og litt «paradise hotell», før det var dags for ein tur til Youngstorget. Lisa Mari og Trine hadde fått flyers, der det stod at Postgirobygget skulle spele i tillegg til at dei lokka med gratis brus og pølser, og ikkje minst «det beste fyrverkeriet noen sinne». Då vi kom dit fann vi ut at det var opning av Folketeateret. Og det var ikkje berre gratis pølser og brus, der var gratis øl også! For ei glede! Og vi kunne få så mange gratis pølser vi orka. Herlege greier! Postgirobygget kunne ikkje ha vore ei betre avslutning på slek ein solskinsdag. Då dei spelte «Idyll» var det den beste oppmuntringa, no er våren her – og snart, snart vert det sommar! Vi var lukkelege over Postgirobygget, og hadde nesten gløymt at det skulle vere fyrverkeri.

stigbirgit

lisa1

lisatrine1stiglisa

trinebirgitlisa1

Fyrverkeriet var som å vere fanga i eit eventyr, med Abba. Og i nokon minutt trudde eg faktisk at eg var plassert midt i ein Disneyfilm. Det var rett og slett så fantastisk at eg fekk krampe i kjakane.

fyr

fyrv

fyrveSom Lisa Mari seier, bileta rettferdiggjer ikkje fyrverkeriet.

Prøvar med litt film, så du kanskje får litt feeling. Men det er jo ikkje på langt nær så bra på film som det var i røynda.

Livet.

Advertisements

2 responses to “Topp tysdag

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s