På ølekspedisjon med musikalske oppdagingar

annisTorsdag var Anne Mari og eg på tokt. Vi testa ut Café Sara, Kakadu, Internasjonalen og til slutt Garage. Måtte vise leg 2 gonger. Flott å vite at eg helde meg godt;) Det var topp stemning og godt øl! Tida gjekk fort, og då vi kom til Garage var vi ikkje sikre på kva som venta oss. Einaste eg visste var at The Vineyards skulle han ein liten gig. Det viste seg at dei skulle varme opp for det britiske bandet Stricken City, som verken Anne Mari eller eg hadde høyrt(om) før. Det viste seg å bli ei gledeleg overrasking. The Vineyards leverte sakene sine, trass dårleg lyd var det god stemning blant oss ti som var i konsertlokalet. Deretter var det Stricken City sin tur. Det var flott! Vokalisten hadde ei herleg stemme, ho hadde sånn sandpapirstemme som var fin, rå og kul på same tid. Også var det kubjeller, fengande rytmer og ein sjukt feit bass. Og cynth. Eg likte det veldig godt. Og difor vert dette dagens anbefaling! Sjekk ut Stricken City på MySpace, spesielt kul er «Lost Art» remixen, den er eit godt eksempel på bra house! 🙂

vineyards

The Vineyards! Snart release på Mono! 31. mars. I can’t wait!

Stricken City:

strickencity

strickencity2

Crowd:

crowd2(av og til lurer eg på om Svein og Hans Martin er søsken – eller berre veldig synkroniserte i faktene)

Og eg må få lov til å seie at eg har ein flotte bror, med gode krøllar og strame skjorte. Og kule bukser.

tormod

Advertisements

2 responses to “På ølekspedisjon med musikalske oppdagingar

  1. Det veit eg ikkje? Godt øl, er det ikkje? Kanskje det går an å skrive begge deler?

    Ja, Go Vineyards!! Kjem du på releasen? 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s