Tommelen opp!

Eg hadde gleda meg lenge til i kveld. Kvalitetstid med strikjen. Åse Maria hadde diska opp med gryterett, ris, salat og snydens brød. Med Hans Ulrik på fanget kunne eg ikkje hatt eit betre herremåltid. Han knaska fint på eplebiten sin, og eg på maten min. Ein gong inn i mellom såg vi bekreftande mot kvarandre at begge måltida smaka. Hans Ulrik var i hundre heile kvelden. Han dansa til «Korslaget» til han ikkje hadde balanse meir og måtte gje etter for tyngdekrafta. Vi laga ein song der eg hadde rappe-rytmer og han spelte på mini-xylofon. Vi hadde ein liten photoshoot også, og tok oss den friheit og pimpa den nye macbooken til Tormod. Så slik ser skrivebordet hans ut no:

hansulrik1Tommelen opp!

 

Etter dette laga vi ei stor togbane og leika med den. Så vanvittig kosleg det er å ha ein slik skapning på fanget mitt, som smiler og ler, og kosar seg når ambulansen og brannbilen køyrer så fort at dei skeiar ut frå skinnene. Tannpussen gjekk glatt unna, puss puss, så får du ein suss. Før Jon Blund kom, og Hans Ulrik var framme i Mofseland fekk eg utfordra stemma på «Hvem kan segla för utan vind», utrulig kor vanskeleg det er å synge seint!!

Å sitte barnevakt er verkeleg noko eg kosar meg med… Tommelen opp!

Advertisements

5 responses to “Tommelen opp!

  1. Torild: Eg også, sjuuukt masse. Berre kryssar fingrane for fri!

    Henriette: Herlig er det riktige ordet. 😀

  2. Så fantastiske bilder du tokk! Og så bra at du hadde en fin kveld med strikjen! Vi takker og bukker for at du ville tilbringe lørdagskvelden hos oss..(-og for at du pynta på macen!)

  3. Det er jo ein fantastisk gut, så skal godt gjerast om bileta ikkje vert fantastiske:)

    Det var berre hyggeleg, og eg håpar det ikkje blir lenge til neste gong! 🙂 Macen trengte absolutt eit personleg preg:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s