Postkort frå Christopher!

framside1

Hurra, hurra! Då eg sjekka posten i går på veg heim frå ein herleg kveld med Hans Magnus (kokk, servitør, humorist, psykisk forstyrra, lærar og økologisk bevisst), var det jammen eit postkort i postkassa! Og kva er vel ikkje kjekkare å få enn det i posten!? Bortsett frå pakke då. Han kunne meddele at han hadde det særs bra. Han var i Vietnam (postkortet er i Vietnam) og var snart på veg mot India. Etter å ha studert postkortet fann eg ut at også han lide av postkortsjuka (postkortsjuka=kjøpe postkort ein stad, skrive det ein annan, frimerke i ein annan nasjon, og mogleg sende det i eit anna nasjon igjen om du er på kjøret). Det var kos, og verkeleg eit godt teikn! Har ein postkortsjuka så har ein det verkeleg bra, mykje å gjere på og lite tid til å leite etter postkasser/kontor.

bakside

Etter å ha lest kortet vart eg veldig glad. Men eg var overraska at han sende eit postkort med motiv av to daude grisar på? WHY? Eg fekk ikkje akkurat lengsel tilbake til Vietnam av den grunn, heller mot mopedane i Vietnam. Men det er noko anna. Han skreiv i alle fall at «mai blir bra». Og det blir det! Tenk, no er det snart vår på ordentleg!! Og Christopher kjem heim om kun 16 dagar. 10. april er ankomstdatoen. Og eg GLER meg til han kjem. Då vert det nok ein gong glede i heimen. No skal eg telle ned dagane til du kjem heim, Christopher!! Håpar du har to KNALL veker igjen på turen din. Ellers kan du berre framskunde returbilletten din om du vil. Men DET er jo opp til deg;)

Advertisements

3 responses to “Postkort frå Christopher!

  1. Ja, det er det:) Veeeldig kjekt! 🙂

    Bra du syns det, koselig å høyre:) Og velkomen skal du vera!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s