Kveldens vits

christopher …. 13 dagar igjen til Christopher kjem heim!

Eg er så trøtt akkurat no, at eg ikkje orka å reise meg opp, pusse tenna og kle av meg. Og difor sit eg her i sofaen og pinar meg gjennom minutt for minutt. Kvifor gjer ein slikt mot seg sjølv? Kvar er motivasjonen til å berre reise seg opp, springe på badet, pusse tennene, skru av lyset, kle av seg og ønske Jon Blund velkomen?! Det krev vel ikkje SÅ masse energi? Fins det ein kur mot dette?

Ein kunde på jobben fortalde meg ein vits, og eg lo veldig av den. Eg vart overraska over meg sjølv, over kor morosam eg faktisk tykte vitsen var. Han også vart overraska. Men på eit slikt tidspunkt som dette syns eg nok ein gong denne vitsen er ganske morosam. Hehe. Hahaha. Ok, here it comes,

KVELDENS VITS:

Har du høyrt om Mikke Mus og Minnie som var ute og gjekk tur i skogen? Etter litt gjekk Minnie seg vill, og då Mikke endeleg fann ho igjen fekk Mikke mus.

Apropos ingen ting:

Snakka med Didrick i klassen min, som seier at «å pusse andres tenner må jo være helt på toppen av gode gjerninger», vi diskuterar karma. Men toppen av gode gjerningar i den samanheng… – vi kom fram til følgande: Halde håret til venninna medan ho spyr. DERETTER pusse tenna hennar. Det må vel vere toppen?

Advertisements

4 responses to “Kveldens vits

  1. Birgit da, for en grov vits 😀

    Å pusse tennene til noen som nettopp har spydd er en så god, men ekkel gjerning at jeg trolig aldri kommer til å gjøre det, hehe.

  2. Christopher er stor. Pass deg Stigemann!
    Apropos karma. Eg har dodsgod karma no. Ein sann fyr festa
    eit band rundt handa mi og tok tikka i panna. EEEEEkstremt god karma, derfor blir Christopher storst!

  3. Kamilla K: Litt grovisar må jo til innimellom, eller hur? 😛
    – og du veit aldri om du kjem til å gjere det! Kanskje, kanskje, Kamilla.. 🙂 Det hadde i alle fall blitt sett pris på! 🙂

    Sjølve: Han ER stor. Men det er jo du også.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s