Kissogram- nattas anbefaling

kissogram

For ei veke sidan var vi på Franz Ferdinand-konsert på Sentrum Scene, Lisa Mari, Fredrik og Tiril. Konserten var heilt rå, og den kan du lese om på endelighelg.no. Det eg vil vidareformidle no er: Høyr på Kissogram. Dei var supporten til Franz Ferdinand og var verkeleg bra! Dei fekk meg til å le og digge på same tid. Også hadde eg eine låta på hjernen ganske lenge etter konserten, «Rubber and Meat». Det er ikkje mykje Tyskland har eksportmessig musikalsk sett, men Kissogram er noko. Og det er kult. Jonas Poppe, Sebastian Dassé og Joe Dilworth er herrane bak Kissogram.  Berre namna får meg til å smile, Poppe – popcorn? Dass(é) og Dilworth, noko som for meg er eit tullenamn som du finn i The Extras, BBC humor på sitt beste, og det er bestemt at musikken deira skal vere fun. Ja, også kan ein jo ikkje sjå vekk i frå det faktum at dei er på support-turné med Franz Ferdinand i Europa. That must be something!! Haha, og nokon av tekstane/musikken generelt kan minne om musikken i The Mighty Boosh for dei som har sett det. Herlich!

No må Jon Blund vise antydning til å kome. God natt, folkens! Og hugs at vi stilte klokka i natt!! No er klokka 01:02.

Advertisements

One response to “Kissogram- nattas anbefaling

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s