Min første gong

heroesandzerosI dag var min første gong. Intervju. På ordentleg. Fekk tilbud om å intervjue Heroes and Zeros og takka kjapt ja. Dette er jo litt å bryne seg på! Må ærlig innrømme at eg ikkje har høyrt så masse på dei sidan 2006, men albuma deira har dog ikkje gått meg hus forbi – bra musikk er det jo. I dag sat eg meg ned og kosa meg med albuma dei gav ut etter Cellophane (2006) og fekk friska opp minnet igjen. Leste mange anmeldingar om den nye plata deira, og kunne ikkje seie meg meir einig i samanlikninga med Motorpsycho som Stein Østbø i VG kom med: «…for her rendyrker Lillesand-trioen det som gjør mer og mer beslektede Motorpsycho så bra; samspillet mellom tre helt unike instrumentalister som tross formatets begrensninger skaper en uhyggelig sugende groove med lange låter med popfølelse i bunn.»

Etter nokon timar kvalitetstid med Heroes and Zeros, viste klokka seg seint, og det såg ut som om lydprøvene skulle ta såpass lang tid at det ikkje vart tid til å prioritere intervju, så eg tok på meg skoa, stilte meg inn på ein annan sort laurdag og for avgarde over elva til Stig. Gjekk gjennom Quba-parken for 5. gong denne dagen, og eg var framleis ikkje lei. Endene der får smilet alltid på plass! Då eg var like ved huset til Stig, ringde endelighelg og fortalde at eg kunne rekke å intervjue dei om eg var der på under ein halv time. Og det skulle eg rekke! Men eg vart veldig nervøs, hadde ikkje belaga meg på at det vart noko av likevel! Eg sprang innom ICA for å kjøpe ei notatblokk, no skulle eg leike journalist på ordentleg, og då måtte eg ha ei slik fin, lita blokk. Eg fekk tre stykk for 20 kroner. NICE. Og då var eg klar! Trommisen, Arne, møtte meg i døra til John Dee, og geleida meg opp trappene som eg seinare på kvelden skulle gå meg så fryktelig vill i. Bassisten, Lars, sat klar i sofaen, og vokalisten var «esta» for å kjøpe seg noko mat.

Det var skikkelig, skikkelig kos. Tre herlege kara som fekk meg til å le slik at eg tenkte at no burde eg kanskje ikkje le så masse. Dei hadde herlege historier på lager. Praten gjekk lett unna, og nervøsiteten forsvann i det vokalisten, Hans Jørgen (fint namn) kom tilbake frå matjakta si med ein god porsjon sushi. Etter berre eit par spørsmål kom det ein fyr inn i rommet og ropte at no var det Earth Hour, og rommet vart med eitt fullt av stearinlys, og stemmene vart mjukare. Eg fekk stille alle spørsmåla eg ville og endå fleire, og dei gav uttrykk for at dei kosa seg. Dei svarte på alt eg lurte på, og eg logra med halen.                                                                                                                                                                                                               
Lite visste dei om at det var mitt første ordentlege intervju, at pennen min streika opptil fleire gonger, at reservepennen hadde gjett etter for kulda, og at eg tenkte at alle tre hadde luskehår og dei skulle berre visst kva det innebar og korleis dei kunne utnytte det, og ikkje minst kor livredd eg var for at håret mitt skulle ende opp i fyr og flamme, så nært som eg måtte sitte duftlysa for å kunne sjå nok til å notere. Ei visste dei at eg rødma då dei takka for intervjuet og sa at det var interessant og at dei var fornøgde, eller at eg var letta over at eg ikkje hadde opna seansen med «eg har berre eit par spørsmål», sidan det plutseleg hadde gått over ein time. Dei visste heller ikkje at eg gjekk inn feil dør og forstyrra nokon i heftig diskusjon, samtidig som eg etterpå gjekk rett i ei dør då eg ikkje såg noko i mørket, eller kor lenge eg hadde vimsa i trappene før trommisen nok ein gong måtte vise meg vegen, og eg måtte takke for laget igjen, og ikkje minst takke for at han visste kvar utgangen var. Og lite hadde dei peiling om at eg nermast kom til å springe heim til Stig og Lisa Mari for å fortelle med den mest engasjerte, lyse og gneldrete stemma kor koseleg eg hadde hatt det, for så å drage dei med på konsert.

Advertisements

2 responses to “Min første gong

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s