Sørlandschips: Ein nedtur og ein opptur.

Først: Nedturen. 1

(biletet er henta frå Torjussen Web som heller ikkje er så begeistra for denne chipsen)

Hadde gleda meg skikkelig, skikkelig til å smake den nye Sørlandschipsen. Første mann (chips, ein chips) ut var «Maldon havsalt og knust pepar». For det første var frustrasjonen stor over å ikkje finne dei nye chipsane i det heile. Kvar var dei!? Eg leita så og seie over alt i Oslo, og fleire sa til meg at dei fans på alle Deli DeLuca i byen, og eg følte meg dum som aldri fann dei. Men fredag kveld, etter jobb, møtte Babsi meg på Narvesen då eg var ferdig på jobb, og vi gjekk på ICA for å handle. Og der fann vi den. Maldon havsalt med knust pepar. Vi kjøpte den og ein chips til, «Spansk paprika». Vi sat oss ned med The Office og kosa oss. Heilt til eg tok chipsen i munnen. Den nye. Først tenkte eg at det ikkje kunne vere sant, at den kunne vel ikkje smake slik? Eg som hadde gleda meg sånn… Og når ein ventar på noko godt, så har eg høyrt at… Ja, det skal ikkje bli nedtur i alle fall! Først smakte den sterk krydderkake. Også smakte den middag. Og eg vart kvalm. Æsj. Denne chipsen vart ikkje halvegs oppeten ein gong. To the garbage. Sorry mac, dette var verkeleg ikkje snacks! Men kanskje det er godt til middag? Konkluderte i alle fall med at eg ikkje kjem til å kjøpe den igjen. Trur desverre eg aldri får lyst til å smake den igjen heller. Wah.

Oppturen: «Balsamico og Mozarella».

sorlandschips

Vi var på veg heim frå The Vineyards sin releasekonsert på Mono, og vi fann denne på 7-eleven på Kirkeristen. Vi sat på ein siste episode «The Office» og chipsen vart opna. Saman med fylte påske-egg. Siste kvelden til Babsi, for å forklare inntaket av snacks så seint på kveld. Anyway. Vi tok chipsen opp i ei skål, og skåla var tom før det hadde gått fem minutt. Den var SNYDENS. Vi diskuterte om det kanskje var ein ny Sørlandschips-favoritt, sjølv om «Spansk Paprika» ligg veldig høgt på lista.  Den var veldig god. Men det skal vel godt gjerast å ikkje vere godt når det er snakk om balsamico og mozarella i same blanding? Eller hur…?

Tommelen opp for denne! Den andre kan dra til helvete og brenne. (Dagens dikt, og beklagar ordbruken – fann ikkje nokon andre ord i farta som rima på «denne», og det måtte vere eit inmpulsivt dikt.)

Advertisements

2 responses to “Sørlandschips: Ein nedtur og ein opptur.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s