I dag såg eg ein seriøst stor hundebæsj.

Ja, vaksent innlegg, Birgit, men det MÅ faktisk til. Den var så stor at eg (og tydeleg fleire andre) gav mi fulle oppmerksomhet til den ei heil stund. Først tenkte eg at det ikkje kunne vere mogleg, det DER kunne vel ikkje vere ein hundebæsj? Men så kunne eg ikkje kome på andre dyr som kunne vere opphavet heller. Og då måtte det rett og slett vere verdens største hundebæsj? På veg tilbake frå jobb var hundebæsjen der enda. Og denne gongen hadde nokon dekorert den. Eg tenkte at sjølv om det er på tide å vakse litt opp, så måtte eg berre ta eit bilete av den slik at de andre også kan få sjå. Det kan jo hende nokon veit om eit større dyr som kan vere opphavet av denne gedigne klatten! For å illustrere kor stor den var plasserte eg (nei, ikkje ei fyrstikkøskje) skoen min, strl. 38 ved sidan av.

baesj

På jobb i dag tenkte eg stadig over kor kjipt det var å vere på Grünerløkka når alle andre eg er glad i ikkje er der. Men så skjedde det noko. Ein mann kom inn døra. Og var morsom. Og dette var ein mann som eg likar veldig, veldig godt. Og ikkje minst får meg til å le – og mange andre til å le på ein måte som sjeldan skjer ellers i kvardagen. Han fekk meg til å le då eg stod i kassa også. Og eg holdt på å bryte ut med; – Eg elskar deg!! (men slikt høve seg diverre ikkje.) Vi ønskte kvarandre god påske, og han visste lite om at han hadde «made my påske» som eg skreiv til Jon Kåre då eg berre måtte fortelje kva som nettopp hadde skjedd. He made my påsk!! I am SO happy! Kom i skade for å bli så glad at Birgit-på-tur-med-Ina-Mari-språket kom fram under eine ekspederinga også. Og då tenkte eg at eg verkeleg måtte skjerpe meg. Fifty naaaaain, it iiiiiiis, sa eg til ein kunde då han ville vite kor mykje han skulle betale. Han såg på meg og vips fekk eg get-a-grip-blikket.

meg2

I dag er det sjølvaste påskeafta. Eg er nettopp komen heim frå jobb. På veg heim var eg innom Deli DeLuca og kjøpte Sørlandschips med spansk spekeskinke-smak. Denne skal testast ut! Han i kassa sa at «det går grymt mycket av den», og at den solgte meir enn «maldon havsalt». No er eg spent. Eg skal no ha påskeafta heime på rommet mitt. Har tent stearinlys, opna vindauget slik at det skal kome litt «frisk luft» inn, så det kanskje kan minne om Holsetra. Også har eg fått besøk av Julia Roberts og  Hugh Grant. Snart skal eg logre med halen og seie til meg sjølv at no kosar eg meg.

God påske alle saman!

lys

sorlandschips1

noting

Advertisements

9 responses to “I dag såg eg ein seriøst stor hundebæsj.

  1. Ok, du har det hakket verre enn meg. Eg hadde dødd viss eg måtta vore aleine på Lillehammer i helga.

    Eg tenke på deg! LØV på påskafto!<3

  2. Men eg har det i grunn ganske greit, Mari! Dagen ordna seg den! Og i morgon skal eg på jobb, lese til eksamen og KANSKJE køyre i gong eit lite nintendo-maraton! Det er jo ikkje så verst?

    Glad for omtanken, og glad for at du ikkje er aleine og at du då er framleis i live. 🙂

    Løv tilbaks i påskenatta! ❤

  3. Eg var på Holsetra og år kvikklunsj og appelsin her om dagen. Satt og speida ette deg veit du, men ingen Birgit!

  4. Henriette: Eg kan ikkje ta dine forhandsreglar, Henriette… 🙂 Dei må du nesten tenke på sjølv. Men det var jo bæsj med slikkepinne i då? 😛

    Lasse:
    Nei, befinne meg nok desverre i Oslo i desse påsketider. Men var på Holsetra på tysdag! 🙂 Neste påske skal eg sørge for å vere der i skappeleg tid!

  5. Nei, fysj! Det har eg aldri tenkt på – og det akta eg ikkje å tenke heller! Då må det ha vore ein buldosar av eit menneske!! Off:/

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s