TV i heimen

nintendo64

For første gong i heile mi tid i Oslo er TV’n på plass i leiligheta. Det har seg av den grunn at då eg var heime i Stryn i påska hadde eg stor leite-ekspedisjon etter Nintendo64-konsollen. Den vart lokalisert bak nokon kasser, inne i to plastikkposar på kottet. Hurra! Så i kveld etter jobb tok eg turen ned i buda for å hente opp TV’n. Heldigvis hadde den ikkje blitt stjelt! Og heldigvis har eg trena sidan sist, så eg kom meg heilt opp trappa – og inn i stova med fjersnynet i god behald. (haha) Sidan eg var sliten nok til å innsjå at det rett og slett ikkje var vits i å lese til eksamen denne kveldne heller, gjekk min påskekveld ut på følgjande: Testing av den nye Sørlandschipsen – «Maldon Havsalt» og Nintendo64 – Fifa98 i selskap med to stearinlys som lukta veldig, veldig godt. Laget mitt var Noreg, plasseringa vart 3. plass. 2-0 mot England. Toppscorar: Ole Gunnar Solskjær (aka Birgit). Man of the Match: Bohinen (aka Birgit). Herleg å vere tilbake på nitti-talet!  Hoi, hoi!

maldonhavsalt

Når det kjem til den nye chipsen så var den veldig god. Tommelen opp! Men skal vel mykje til å feile på ein så klassisk smak, eller hur? Nam, nam. Gårsdagens chips var forresten knakandes god den også, «spansk spekeskinke».

Eg tenkte å avslutte dagens innlegg med ein bildeserie med grimasar, men trøtt som eg er enda eg opp med å geispe for evvah evvah. Like greit å ønskje dåkke ei god natt – og kanskje geispen smitta over så de også hoppar i seng! Det er på tide no!

geispGod natt folkens!

Advertisements

5 responses to “TV i heimen

  1. Ja, alså det må eg berre beklage. Men akkurat no dei siste dagane har livet mitt bestått av bæsj og chips for det meste. Og bloggen reflektera i grunn det som skjer rundt meg til tider, så ja… Do the math.

    Jannik: Namnet ditt kunne vore nemnt så SJUKT mange gonger… Eg seie berre ein ting; Oslo.

    Mari: Å overleve utan tv er ikkje noko problem. Med ein gong du er utan skjønnar du ikkje korleis du fekk tid til andre ting den tida du hadde tv. Hehe. 🙂 Kom, kom, kom! Eg treng ei utfrodring! Og du har eit poeng: Rock Werchter kan vel ikkje skrivast om utan å nemne dåkke? 😉

  2. Forhåpentligvis blir vi nevnt og huska etter Rock Werchter.. Hehe:)

    Jannik; Vi får reise til Oslo og invadere livet henna, da kjem vi på bloggen! Sjæf!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s