Tips til eksamensdagen

Eksamensdag skal egentleg vere relatert til stress, angst og nerver, og andre slike ting. Men hos meg fins det av ein eller anna merkelig grunn ingen av desse momenta i eksamensdagen min. No har eg nokon tips til deg som kanskje har eit litt høgare stressnivå, for å mjukne opp dagen litt. Eksamensdag er jo i grunn ein fantastisk dag! Ein kjem seg tidleg opp, vert fort ferdig med det obligatoriske – og vips: Ein heil dag fri!

  • Stå tidleg opp! Gjerne klokka 06:00. Skru på noko gladmusikk (The Coral – dreaming of you, f.eks?) og kvikne litt til.
  • TREN! Ei økt med spinning får tankane vekk i frå det som stressar deg, og det er greit å klarne hjernen før ein går i gong med den siste-liten-repetisjonen som ein føler er naudsynt, sjølv om den egentleg ikkje er det.
  • Et frukost. Du treng energi uansett kva dag det er, og gjerne litt ekstra på ein psykisk krevande ein. 🙂
  • Gå ein annan stad enn der du er vand med å lese til eksamen. Kafé er ypperleg. Drikk kaffe medan du nyt ein appelsin-biscotti og repeterer det viktigaste av siste-liten-repetisjonen.
  • Sykle til skulen. Gjerne med bysykkelen. Den innehelde mange endorfina som gjer deg lykkeleg. Også får du frisk luft!
  • Få gratis kvikklunsj saman med eksamenspapira. (Eventuelt ta med sjølv om du ikkje får.)

Lykke til! 🙂

latte

biscotti

sykkel

sthanshaugen

kvikklunsj

Når eksamen er over gjenstår det berre å kose seg og tenke at NO er det over! Vel fortent kan du kose deg resten av dagen og gjere akkurat det du vil… Som å gå i verdas mest koselege knappefabrikk for eksempel! 🙂

Advertisements

4 responses to “Tips til eksamensdagen

  1. Takk, Birgit! 🙂 Just what I needed. Skulle ønske d va morgenspinning meir enn ein gong i veka her, kanskje eg skal ta på meg dei nye joggeskoa og springe ein tur istaden. :)) Kaffien såg ubeskrivelig god ut forresten!

  2. Henriette: Berre hyggeleg, glad for å vere til nytte! 🙂 Joggetur er sikkert vel så bra! Kaffien var veldig god. Synd den var så «liten». 😉

    Mari: Ja, når ein har betalt så mykje for å gå på ein skule, må ein vel forvente litt utbytte? He he. Nei, der var igjen frå påskefrukosten før påske – så like greit å dele ut til eksamenssjeler… 🙂

    May Britt: Hehe, ja… Men kvikklunsjen ser god ut! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s