Distré?

172611__tom_lI dag har eg hatt ein effektiv dag. Veldig effektiv dag! Var innom ein barneskule for å signere nokon vikar-papir (jepp, skal arbeide som vikar på ein barneskule! (Takk, Tiril) Her trengs det ein stabil økonomi, noko eg tydeleg merkar at eg ikkje har. Det er så rart å kjenne på kor avhengig ein er av pengar for å overleve i ein by som Oslo. Heldigvis har eg bysykkelen som kan frakte meg fram og tilbake, hit og dit! 🙂 I dag har eg forøvrig tre ting eg vil meddele.

1: På veg til barneskulen kvapp eg som berre juling. Mannen i høgtalaren sa: «Neste holdeplass er Stig.» Eg fekk sjokk, høyrte eg feil? Er vi på veg til Stig no?? Og jaggu sa han riktig! Der var eit stopp som heitte Stig! Det var så morsomt. Tenk om der fins ein haldeplass der ute i det langstrakte Noreg som heiter Birgit også? Kva er sjansen? Eg vel å satse på at den er stor.

2: Lisa Mari og eg var på trening i dag. Pilates faktisk. Etter timen hadde vi som vanleg tusen ting å snakke om, og vi for avgarde som kaklande høner frå Oxigeno. På vegen la eg merke til at nokon sende meg rare blikk, men tenkte ikkje noko særlig over det. Trudde kanskje det var fordi eg såg rar ut, eller fordi eg gjekk og trilla på bysykkelen, men uvisst kva dei hadde det rare blikket for. Vi var komne eit stykke då vi skulle skilje veg, og vart ståande og prate ei stund ved inngangen til Kuba-parken. Då såg eg det. Eg hadde på meg blå plastikksokkar utanpå skoa. Oh my gad. Der hadde eg gått rundt og traska med blå plastikksokkar utanpå skoa mine. Stor sjanse for at det såg ut som om eg hadde rømt frå ei lukka avdeling. Nice.

3: Tom Waits. «I hope that I don’t fall in love with you». Den gjev meg frysningar langt inn i ryggmargen.

Advertisements

9 responses to “Distré?

  1. jeg knakk helt sammen av det veldig klare og tydelige visuelle bildet av birgit, i de hemma blå plastikk sokkene midt på åpen gate!! hahaha..det er så mye folk må trodd!!=) her er en liste:
    – at du er en sykepleier som rett og slett har glemt å ta de av etter jobb.
    – som du nevnte at du har rømt fra en lukket avdeling.
    – at du er en overivrig person som grenser mot det nevrotiske når det kommer til hygiene.
    – at du har en eller annen rar sykdom på føttene og pga smittefare må du gå med blå plastsokker.
    – at du har funnet ut at det rett og slett er mer økonomisk å gå med disse sokkene på skoene på heltid pga mindre slitasje på skoene dine.
    – at du synes det er fint.
    oh my god birgit the list goes on and on..hahahaha=) løv ya ❤

  2. Eg misunne deg sånn som skal jobbe på en barneskule! Det va dei beste månedane i mitt liiiv! Kos, kos, kos – rett og slett! (For å ikkje snakke om feelingen når den feite lønna kjem, det e jo grisegodt betalt!)

  3. Dani: Hahahahaha… Ja, the list goes on and on and on and on… PINLIG! Eg håpar at SAMTLEGE tenkte at eg kanskje berre hadde litt dårlig tid då eg forlot Oxigeno;)

    Mari: Hehe.. Så bra! 🙂 Men det er kun vikar, så det blir ikkje så masse arbeid… Ei krone her, ei krone der!

  4. eehehe, det har i au gjordt 😛
    Kom ikkje lengere enn opp til vegen da før i oppdaga det, hoho ^^ Tok dem diskrèt av og putta dem i lomma

  5. Hahahahahahahaha herlig! Har en venninne som gikk ut i de blå plastsokkene fra SATS og hun tok bussen osv i de. Merket det først da hun kom hjem. Tenk så mange som ble glade fordi du gikk med dem da. Jeg hadde i hvert fall smilt litt.

  6. Hahhahahah tok ho BUSSEN i dei!?
    Hahaha, no fekk du meg til å le høgt:) Herleg! Godt å høyre at vi absolutt er fleire. Godt poeng, Kamilla. Det ver sikkert max gledesspreiing i det området då eg hadde sokkane på! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s