Redd for kveps for første gong på 21 år

kvepsen

Eg sat i senga og skreiv oppgåve då eg høyrde lyden, lyden av summing, lyden av det eg aldri hadde tenkt på som faenskap før, men som absolutt var det no. Det var lyden av ein svær doning, på størrelse med halve lisjefingeren min.  – Djises! Ubraut eg. Han hadde kome seg gjennom vindauget som så vidt stod på gløtt, og no summa han over håret mitt. Først tenkte eg at det er no berre ein kveps, men så kom panikken. DET ER EIN SVÆR KVEPS! Og det slo meg at eg hadde absolutt mykje hud som han kunne sikte inn som mål for skotet han ville sette i meg. Kroppen min passerte i revy og analysa av kva kroppsdel eg helst ville ha foretrukke at han skulle ha stukke meg på var kjapp. Truse og BH vart på kun kort tid omforma til joggebukse, sokkar, gensar og angst. Kvepsen for mot vindauget fleire gonger, og eg ergra meg over at eg ikkje hadde sete vindauget på meir gløtt, då hadde han kunne ved fleire anledningar floge avgarde – ut på Grünerløkka, og eg kunne puste letta ut. Men nei, den hadde dårlegare retningssans enn nokon andre eg kjenner. Den kom mot meg fleire gonger, og eg vart totalt forvirra. Prøvde å la vere å sjå på den, for å unngå at vi skulle oppnå augekontakt, i tilfelle det ville provosere den. Men det var vanskeleg å la vere å sjå på den, for eg ville jo vite kva den var, så eg heile tida hadde kontroll over posisjonane. Til slutt slo den seg til ro på vindauget, og eg tok fram «Neil Young» si plate, «Comes A Time» og brukte den til å skyve kvepsen mot det største vindauget. Den lot seg lokke av platecoveret og forsvann etter litt ut vindauget, ut på løkka, på jakt etter nye eventyr. Puh!

storkveps

neilyoung2

Advertisements

8 responses to “Redd for kveps for første gong på 21 år

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s